Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Helsefagarbeidarar i heimetenesta avd. Selje/Stadlandet

Heimetenesta, Stad Kommune · Stad, Vestland

VikariatHeltid2 stillingerOffentligHelse og sosialFrist 13.12.2026

Annonsetekst

Er du helsefagarbeidar og vil vere med å forme framtidas heimetenester? Sjå her!

Stad kommune har ledig to 100 % vikariat som helsefagarbeidarar med tenestestad Selje/Stadlandet. Vikariata varer til 28.11.2027 med mogleg forlenging.

Stillingane inkluderer 20 % frie timar og det vert nytta årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i planlegging av arbeidstid. Stillingane har i hovudsak tredelt turnus og arbeid tilsvarande kvar 3. helg. Det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon samt avtale om langvakter.

Arbeidet foregår både i ambulerande heimeteneste og i bufellesskap. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.

Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og gir helsetenester til heimebuande i heile kommunen.

Helsefagarbeidarar i heimetenesta har ansvarsfulle faglege oppgåver, du kan utvikle deg og påverke.

Vi søkjer deg som er innovativ, motivert for endring, interessert i velferdsteknologi, jobbar for kontinuerleg forbetring, og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga.

Hos oss blir du del av eit sterkt fagmiljø med kollegaer som støttar, utfordrar og heiar på deg. Du får bruke din kompetanse i både prosedyrar og i det nære og relasjonelle arbeidet. Ingen dagar er like, men alle dagar er viktige! Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre pasientretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
  • Oppfølging og dokumentasjon av tenesteytinga i pasientjournal etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Praktisk bistand
  • Samarbeid med pårørande
  • Rettleie lærlingar, medarbeidarar og andre

Det vil bli lagt til rette for god opplæring ved oppstart.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer primært etter offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar, men ufaglærte med relevant erfaring kan gjerne søkje med forbehold om å gjennomføre fagbrev
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort kl B.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og godt i team
  • Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Busette i Stad Kommune i minst eitt år kan søkje lånekassa om å få sletta delar av studielånet sitt

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Kontaktinformasjon

Hanne Kristin Teige Otneim, Avdelingsleiar heimetenesta, 951 40 595, hanne.teige@stad.kommune.no Anne-Lise Teige, Einingsleiar heimetenesta, 41002206, anne-lise.teige@stad.kommune.no

Arbeidsstad

6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5213425934 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 13.12.2026

Søk på jobben
Søk senest 13.12.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Heimetenesta, Stad Kommune

API og MCPGET /company/976675061/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/976675061/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 2,
  "hits": [
    {
      "uuid": "90acd919-b272-4052-b2bf-6394de8f1bde",
      "title": "Helsefagarbeidarar i heimetenesta avd. Selje/Stadlandet",
      "municipal": "STAD",
      "application_due": "2026-12-13 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "b89d84ad-a0b2-4df1-8e57-f43af10e0852",
      "title": "Helsefagarbeidarar i heimetenesta avd. Nordfjordeid",
      "municipal": "STAD",
      "application_due": "2026-12-13 00:00:00+00",
      …
    }
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "976675061" })

Spør AI-assistenten

  • Hva er søknadsfristen for «Helsefagarbeidarar i heimetenesta avd. Selje/Stadlandet» hos Stad Kommune Heimetenesta Nordfjordeid?
  • Ansetter Stad Kommune Heimetenesta Nordfjordeid flere i Stad nå?
  • Hvilke typer roller ansetter Stad Kommune Heimetenesta Nordfjordeid i akkurat nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Sykepleier til hjemmetjeneste i Vestland
Konstali Helsenor AS · VESTLAND

Konstali Helsenor søker 1 sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, heltid, fra 30. november 2026 til 15. januar 2027.

VikariatHeltidHelse og sosial
Sykepleier søkes til oppdrag på Vestlandet
Emploi Helse AS · VESTLAND

Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.

VikariatHeltidHelse og sosial
Heimetenesta, Stad Kommune
Frist 13.12.2026
Søk på stillingen →