Nordens välfärdscenter i Stockholm søker én verksamhetsledare på heltid, tidsbegrenset i 12 måneder til 2 år.
Rådgjevar/kontraktsforvaltar
Skyss · Bergen, Vestland
Annonsetekst
Vil du bidra til å betre kvaliteten på Skyss sine mobilitetstenester? Skyss jobbar aktivt med å tilby alle innbyggarar i Vestland eit godt og berekraftig tilbod med buss, bybane, båt og ferje. Transporttenestene vert utført av trafikkselskap som Skyss har kontraktar med.
Vi har no ledig ei fast stilling som rådgjevar/kontraktsforvaltar. Kontraktsforvaltaren vil inngå i teamet vårt som jobbar med å følge opp Skyss sine mobilitetskontraktar. Arbeidsstad for stillinga er Bergen. Ein må pårekne noko reiseverksemd internt i fylke.
Arbeidsoppgåver
Som kontraktsforvaltar får du ansvar for å følge opp ein portefølje av mobilitetskontraktar, i tett dialog med operatørselskapa. Du vil bidra i anskaffingsprosessar og i implementering av nye kontraktar, og i å sikre at kvalitets- og miljøkrav vert følgt opp gjennom gode kontraktmekanismar. Arbeidet ditt bidrar til leverandørutvikling og til ein sunn leverandørmarknad, og du blir med på å byggje ei solid plattform for strategisk samarbeid med operatørane.
Kontraktsoppfølging vert i aukande grad digitalisert og datadriven. Du vil bruke og vidareutvikle gode rapporterings- og digitaliseringsverktøy for å sikre at vi følgjer opp leveransane på ein kunnskapsbasert måte. For å kunne utøve rolla godt, er det sentralt å ha god forståing for dei geografiske forholda i Vestland og korleis desse påverkar mobilitetstilbodet. Rolla som kontraktsforvaltar krev fleksibilitet og evne til å støtte organisasjonen der behova oppstår.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Vi ser etter deg som har høgare utdanning på masternivå, til dømes innan økonomi eller juss. Relevant erfaring kan kompensere for manglande mastergrad. Stillingstittelen vert då justert i tråd med kvalifikasjonane.
Du må også ha sterke formidlingsevner, munnleg og skriftleg, og evne til å bygge gode og langsiktige relasjonar internt og eksternt.
I tillegg er ein fordel om du kan vise til:
- Erfaring frå kontraktsarbeid og oppfølging av leverandørar
- God forståing for, eller sterk interesse for, digitalisering og rapportbygging
Som person vil vi at du
- har evne til å omsette strategiske mål i konkrete resultat, både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- er open, fleksibel og engasjert, og aktivt deler og utviklar kunnskapen din saman med andre
- har evne til å møte krevjande situasjonar med pågangsmot, og at du kan stå stødig i hektiske periodar.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Hos oss i Skyss er vi mange som jobbar for å utvikle gode kvardagsreiser for alle som bur og reiser i Vestland!
Vi tilbyr:
- Ei fagleg utfordrande stilling med stor samfunnspåverknad
- Eit engasjert og hyggeleg arbeidsmiljø med brei og variert fagbakgrunn
- Moglegheit til å bygge nettverk og utvikle seg fagleg
- Fleksibel arbeidstidsordning og høve til delvis heimekontor etter avtale
- Løn etter avtale
Andre opplysningar:
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
- Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder
- Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort, sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bede om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Ørjan Kvandal, konst.gruppeleiar Operatør og drift, 47647266 Kjetil Kristiansen, konst.leiar avdeling Operasjon, 93655208
Arbeidsstad
Lars Hilles gate 22 5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5196131637 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.11.2026
API og MCPGET /company/992055138/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/992055138/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 1,
"hits": [
{
"uuid": "8e452ccc-6fb4-4f89-a2f6-fc9d7f9c0ca4",
"title": "Rådgjevar/kontraktsforvaltar",
"municipal": "BERGEN",
"application_due": "2026-11-25 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "992055138" })Spør AI-assistenten
Hva er søknadsfristen for «Rådgjevar/kontraktsforvaltar» hos Vestland Fylkeskommune Skyss?
Ansetter Vestland Fylkeskommune Skyss flere i Bergen nå?
Hvilke andre stillinger lyser Vestland Fylkeskommune Skyss ut nå?
Lignende stillinger
CERN i Sveits søker én Export Control Compliance Lead på heltid, fast ansettelse, til å bygge opp et nytt eksportkontrollkontor.
CERN søker en Asset Accountant på heltid i fast stilling i Sveits, med fokus på eiendelsregnskap og varige driftsmidler.
Utenriksdepartementet søker én spesialutsending for politisaker til ambassaden i Kyiv, heltid, engasjement på to år fra august 2027.
Better Business i Trondheim søker en alderskontrollør og mystery shopper på deltid, fast ansettelse, med fleksibel arbeidstid.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeservicemedarbeidere til fast heltidsjobb i Hellas, med flyttepakke.