Hopp til innhold
Nytt: sokfirma i Claude og ChatGPT – salgslister, soliditet, konsern og mer.Les mer →

Naustdal omsorgssenter har ledig stilling som

Sunnfjord Kommune Naustdal Omsorgssenter · Sunnfjord, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosialFrist 1.11.2026

Om stillingen

Ønsker du ein arbeidskvardag der du får brukt fagkompetansen din, jobbe tett på pasientane og vere del av eit inkluderande og fagleg sterkt team?

Vi søker no ein engasjert helsefagarbeidar til vårt team. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer som deler kunnskap, samarbeider godt og jobbar saman for å skape gode dagar for pasientane våre.

Vi tilbyr 3-delt turnus med moglegheit for langvakter på 12,5 timar og arbeid kvar 4. helg. Dette gir høve til lengre friperiodar og god balanse mellom jobb og fritid.

Vi er opptekne av kvalitet, fagutvikling og gode pasientopplevingar. Kvar dag arbeider vi for å skape tryggleik, meistring og gode augeblikk for pasientane våre. Du får høve til å byggje relasjonar til pasientar og pårørande og vere med på å gjere ein positiv forskjell i kvardagen deira.

Vi har ein variert og aktiv arbeidskvardag der ingen dagar er heilt like. Hos oss må du trivast med å prioritere oppgåver, samarbeide godt med kollegaer og finne gode løysingar når situasjonar endrar seg.

Du blir ein viktig del av eit fagmiljø der helsefagarbeidaren si kompetanse blir verdsett og får rom til å kome til sin rett.

Vi har ledig:

  • 100 % fast stilling som helsefagarbeidar

Arbeidsoppgåver:

• gi dagleg stell, pleie og omsorg til pasientar med ulike behov og diagnosar • observere, vurdere og følgje opp pasientar med fokus på personsentrert omsorg • bidra til aktivitet, trivsel og gode opplevingar i pasientane sin kvardag • dokumentere og følgje opp tiltak og behandlingsplanar • samarbeide tett med pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar • delta aktivt i kvalitets- og fagutviklingsarbeid • vere ein viktig del av primærgruppeteam og andre ressursoppgåver

Kvalifikasjonar:

• norsk autorisasjon som helsefagarbeidar • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg • grunnleggande IKT-kunnskapar

Vi ser etter deg som:

• har interesse og engasjement for eldreomsorg • ønsker å bidra til gode dagar for pasientane våre • er fagleg engasjert og open for ny kunnskap • tek ansvar og er påliteleg • trivst med både sjølvstendig arbeid og teamarbeid • bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø • trivst i ein aktiv arbeidskvardag og evnar å prioritere oppgåver når det er mykje å gjere • bevarer ro og fagleg fokus i hektiske situasjonar • er løysingsorientert, fleksibel og trygg i møte med utfordringar

Hos oss får du:

• jobbe saman med flinke og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø • vere ein viktig del av eit fagmiljø der helsefagarbeidaren si kompetanse blir verdsett og brukt aktivt • vere tett på pasientane og utgjere ein forskjell i kvardagen deira • moglegheit til å påverke og utvikle tenesta • opplæring som gir ein trygg start • gode ordningar for kurs, etter- og vidareutdanning • kompetansetillegg for relevant tilleggs- og vidareutdanning • moglegheit for langvakter og samla langfri etter ønske • rekrutteringstillegg på kr 7 000 i 100 % stilling

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat dersom du vil vite meir om stillinga.

Du søker elektronisk.

Politiattest må leverast før oppstart.

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 1.11.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Sunnfjord Kommune Naustdal Omsorgssenter

Lignende stillinger

Fastlegevikariater i Innlandet
Dignus Medical · INNLANDET

Dignus Medical søker 1 allmennlege til fastlegevikariat på heltid i Innlandet, med dekket reise og bolig.

VikariatHeltidHelse og sosial
Helsesekretær til oppdrag i Buskerud
Konstali Helsenor As · BUSKERUD

Konstali Helsenor søker 2 helsesekretærer til vikariat på heltid i Buskerud.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial