Hopp til innhold
Nyttsokfirma i Claude og ChatGPTLes mer →

Kokk og matvert

Produksjonskjøkken Førde, Helse Førde · Sunnfjord, Vestland

FastHeltid2 stillingerOffentligReiseliv og matFrist 24.11.2026

Annonsetekst

Matforsyning i Helse Førde har ledig stillingar ved Førde sentralsjukehus:

  • Kokk: 100 % fast stilling, tilsetting etter avtale
  • Matvert: 100 % fast stilling, tilsetting etter avtale

Vil du vere med og bidra til gode måltidsopplevingar for pasientar ved Førde sentralsjukehus? Vi ser etter deg som ønskjer å bruke fagkompetansen din til å lage næringsrik og velsmakande mat som del av i eit viktig samfunnsoppdrag.

Hos oss er mat og måltid ein viktig del av behandlingstilbodet, og vi legg vekt på kvalitet, trivsel og gode rutinar i kjøkkenarbeidet.

Vi produserer og serverer mat til pasientane frå pasientkafear, kantiner og besøkskaféar. Førde har produksjonskjøkken og leverer mat til Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus. Matforsyning har moderne kjøkken og trivelige arbeidsplassar på alle lokasjonane.

Arbeidsstad for begge stillingane er Førde sentralsjukehus

Kva går jobben ut på?

Som kokk og matvert hos oss blir du ein del av eit fagmiljø som arbeider for trygge og gode måltid til pasientar og tilsette.

Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av varm og kald mat etter godkjente resptar
  • Produsere spesialkost og diettar
  • Menyplanlegging - vi følgjer norske mattradisjonar og sesongbaserte matrettar
  • Sørge for at hygienekrav og rutinar (IK-mat) vert fulgt
  • Varebestilling og lagerhald

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha:

  • Kokk - må ha fagbrev
  • Matvert - er interessert i mat og service - opplæring vil bli gitt
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Det er ein fordel om du:

  • har erfaring frå institusjonskjøkken eller storkjøkken
  • har kunnskap om spesialkost og ernæring
  • har erfaring med IK-mat og relevante datasystem

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team
  • er strukturert og har god orden i arbeidet ditt
  • samarbeider godt med kollegaer og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
  • er fleksibel og handterer ein variert arbeidskvardag
  • er oppteken av kvalitet og gode matopplevingar

Kjenner du deg igjen i dette? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Kvifor skal du velje oss?

Vi tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • varierte og fagleg interessante arbeidsoppgåver
  • moglegheit for fagleg utvikling
  • løn etter gjeldande avtaleverk
  • gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Elin Haugen, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 682

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2 6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5206558770 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 24.11.2026

Søk på jobben
Søk senest 24.11.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Produksjonskjøkken Førde, Helse Førde

API og MCPGET /company/974744570/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/974744570/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 28,
  "hits": [
    {
      "uuid": "044c48ae-1123-4f2b-9584-9744f8f90a30",
      "title": "Sommarvikariat - medisinstudent med lisens eller cand.med.",
      "municipal": "SUNNFJORD",
      "application_due": "2027-01-17 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "154a2a05-2cf2-4d3e-ae6d-831cb202478f",
      "title": "Sjukepleiarar",
      "municipal": "SUNNFJORD",
      "application_due": "2026-11-24 00:00:00+00",
      …
    },
    …
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "974744570" })

Spør AI-assistenten

  • Hvilke andre stillinger lyser Helse Førde HF Førde Sentralsjukehus ut nå?
  • Hva er søknadsfristen for «Kokk og matvert» hos Helse Førde HF Førde Sentralsjukehus?
  • Ansetter Helse Førde HF Førde Sentralsjukehus flere i Sunnfjord nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Kjøkkentenesta søker etter ny medarbeidar
Sunnfjord kommune Kjøkkentenesta · SUNNFJORD, VESTLAND

Sunnfjord kommune Kjøkkentenesta søker kokk i 60 % fast stilling ved Skei omsorgssenter, med turnus og dagarbeid.

FastDeltidReiseliv og mat
Frist 15.11.2026
Produksjonskjøkken Førde, Helse Førde
Frist 24.11.2026
Søk på stillingen →