Konstali Helsenor søker 2 sykepleiere til heltidsvikariat med nattvakter i helse- og omsorgstjeneste i Møre og Romsdal.
Lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi. Vikariat
Kysthospitalet I Hagevik (kih), Helse Bergen HF · Bjørnafjorden, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Kysthospitalet i Hagevik søker lege i spesialisering (LIS2/3) innan ortopedisk kirurgi til eit vikariat på 1 år, med moglegheit for forlenging, i heiltid. Tilsetting frå snarast, og stillinga kan telje som del av spesialistutdanninga. Arbeidsstad er Bjørnafjorden. Legen inngår i vaktordning og deltek i behandling av pasientgrupper innan rygg-, protese- og artroskopisk kirurgi, samt rotasjon til Haukeland universitetssjukehus for traumatologi. Undervising av medisinstudentar inngår òg i oppgåvene.
Om arbeidsgjevaren
Kysthospitalet i Hagevik er ein underining av Helse Bergen HF og driv somatiske sjukehustenester som elektivt spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Verksemda har 160 tilsette, ein sengepost med 22 senger, 4 operasjonsstover og eiga oppvakningsavdeling. Som del av det offentlege spesialisthelsetenesta er sjukehuset knytt til Universitetet i Bergen og har fast undervisingsansvar for medisinstudentar.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 22.09.2026.
Annonsetekst
Ved Kysthospitalet i Hagevik er det ledig eit vikariat for lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi (LIS2/3), med tilsetting frå snarast. Varigheit av vikariatet er 1 år med moglegheit for forlenging. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.
Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk inkluderer Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus samt Kysthospitalet i Hagevik. Kysthospitalet i Hagevik er eit elektivt spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Dei store pasientgruppene treng i hovudsak ryggkirurgi, protesekirurgi eller ulike former for artroskopisk kirurgi. For å dekke læringsmåla innan traumatologi er det avtale om rotasjon til ortopedisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.
Vi har ein sengepost med 22 senger, 4 operasjonsstover og ein oppvakningsavdeling. Sjukehuset har 6-døgnsdrift, det vil si at sjukehuset stenger laurdag kl. 16.00, og åpner mandag morgon kl. 7.00. Dei fleste heilagdagar er sjukehuset stengt, slik at ein har fri påske og jul/nyttår.
Avdelingane er knytt til Det Medisinske Fakultet, Klinisk institutt 1 ved UiB og har ansvar for undervisinga av medisinarstudentar. Legane må derfor delta i undervisning etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidstid og vaktplan etter ein godkjend tenesteplan
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i ortopedisk kirurgi
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
- Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Ansvarsbevisst
- Beslutningsdyktig
- Fleksibel
- Engasjert
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Vi er ei IA-bedrift, dvs. ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift.
- LIS legane har 6-delt vaktordning, med fri kvar søndag.
- Vi har 6-døgnsdrift, dvs. sjukehuset stenger laurdag kl 16:00
- I tillegg til fri kvar søndag, stenger vi dei fleste helge- og høgtidsdagar. Vi har også stengt i påskeveka, og mellom jul- og nyttår
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kari Indrekvam, Avdelingssjef, 56565800
Arbeidsstad
Hagaviksbakken 25 5217 Hagavik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5175345653 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 22.09.2026
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker helsefagarbeider i vikariat på heltid til hjemmetjeneste i Vestland, fra 2. desember 2026.
Sparebanken Norge søker en strategisk rådgiver på heltid, fast ansettelse, med arbeidssted Bergen eller Kristiansand.
Konstali Helsenor, vikarbyrå med 375 ansatte, søker 3 vernepleiere til heltidsvikariat i bolig i Nordland.
Emploi Helse AS søker 1 helsefagarbeider til vikariat på heltid ved et omsorgssenter på Vestlandet, des. 2026–feb. 2027.
Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.