Sjukepleiar/nevrofysiologiteknikar
Nevro Og Revma Poliklinikk, Helse Førde · Sunnfjord, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Nevro- og revmapoliklinikken ved Helse Førde lyser ut ei 70 % fast stilling som sjukepleiar/nevrofysiologiteknikar, med oppstart 1. oktober 2026. Stillinga er primært knytt til nevrologi og klinisk nevrofysiologi (KNF), og hovudoppgåvene omfattar gjennomføring av EEG- og nevrografiundersøkingar (NCV), assistanse ved polikliniske prosedyrar, pasientoppfølging og dokumentasjon i elektronisk pasientjournal. For søkjarar som ønskjer høgare stillingsprosent, kan stillinga kombinerast med helgestilling ved Nevrologi- og rehabiliteringssengeposten for å oppnå 100 % samla stilling. Arbeidsstad er Førde i Sunnfjord kommune.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF er eit offentleg helseforetak innan somatiske sjukehustenester med 1 723 tilsette, og er ein av dei større arbeidsgivarane i Vestland. Nevro- og revmapoliklinikken samarbeider tett med Avdeling for klinisk nevrofysiologi ved Nevroklinikken på Haukeland universitetssjukehus, noko som gir tilgang til eit sterkt fagleg nettverk og høgt kompetansemiljø.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 16. august 2026.
Annonsetekst
Har du interesse for nevrologi og ønskjer å arbeide med mellom anna klinisk nevrofysiologi?
Ved Nevro- og revmapoliklinikk har vi ledig ei 70 % fast stilling frå 1. oktober 2026.
Stillinga er primært knytt til fagfeltet nevrologi og klinisk nevrofysiologi (KNF), og gir høve til å arbeide i eit spennande og utviklande fagmiljø med høg kompetanse. Vi samarbeider tett med Avdeling for klinisk nevrofysiologi ved Nevroklinikken på Haukeland universitetssjukehus.
Vi er opptekne av å skape ein arbeidsplass der medarbeidarane trivst, utviklar seg og spelar kvarandre gode. Hos oss får du dyktige kollegaer, god opplæring og tett oppfølging i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, respekt og fagleg nysgjerrigheit.
For søkjaraar som ønskjer høgare stillingsprosent, kan stillinga kombinerast med helgestilling ved Nevrologi- og rehabiliteringssengeposten slik at samla stillingsstorleik kan bli 100 %.
Arbeidsoppgåver
- Utføre klinisk nevrofysiologiske undersøkingar, hovudsakleg elektroencefalografi (EEG) og nevrografi (NCV)
- Assistere ved og utføre polikliniske prosedyrar
- Klargjere, følgje opp og informere pasientar i samband med undersøkingar
- Arbeide sjølvstendig og bidra i tverrfagleg samarbeid i eit fagmiljø med både praktiske og teoretiske arbeidsoppgåver
- Delta i øvrige oppgåver ved Nevro- og revmapoliklinikken
- Dokumentere og registrere i elektronisk pasientjournalsystem
- Bidra til fagleg utvikling og kvalitetsarbeid i seksjonen
Kvalifikasjonar
- Vi ønskjer primært ein offentleg godkjend sjukepleiar, men søkjarar med anna relevant utdanning kan også søkje
- Erfaring innan nevrologi og/eller klinisk nevrofysiologi er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode IT-kunnskapar og teknisk forståing
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er teknisk anlagt, har god digital kompetanse og likar å setje deg inn i ny teknologi
- Du har gode kommunikasjonsevner og eit tydeleg pasientfokus
- Du har gode samarbeidsevner, fagleg interesse og engasjement
- Du arbeider strukturert og sjølvstendig, samtidig som du fungerer godt i team
- Du er fleksibel og trivst med høgt arbeidstempo
- Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- God opplæring.
- Strukturert oppleæring innan klinisk nevrofysiologi
- Rettleiing og fagleg støtte frå erfarne kollegaer
- Høgt fagleg nivå
- Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anne Marit Sølvberg Rygg, Avdelingssjef, (+47) 958 25 538 Elin Ese, Seksjonsleiar, (+47) 986 04 663
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2 6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5154244635 Stillingsprosent: 70% Fast Startdato: 01.10.2026 Søknadsfrist: 16.08.2026
Flere stillinger hos Nevro Og Revma Poliklinikk, Helse Førde
Helse Førde i Sunnfjord søker sjukepleiar til 6 månaders vikariat, heltid, ved urologi-operasjonspoliklinikken.
Radiologi avdeling ved Førde sentralsjukehus (Helse Førde) søker 1 LIS3-lege i radiologi, 100 % fast stilling i Sunnfjord.
Helse Førde søker overlege i årsvikariat, 100 %, ved Kvinneklinikken på Førde sentralsjukehus i Sunnfjord. Frist 1. desember 2026.
Helse Førde i Sunnfjord søker 1 midtsoneassistent på heltid i engasjement til 31.10.2027, ved Nevrologi og rehabilitering sengepost.
API og MCPGET /company/974744570/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/974744570/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 21,
"hits": [
{
"uuid": "c279bb25-9950-4048-9338-1687c589db4f",
"title": "Sjukepleiar",
"municipal": "SUNNFJORD",
"application_due": "2026-12-20 00:00:00+00",
…
},
{
"uuid": "2ce9f578-4440-40ab-85e2-e732e3ddd20d",
"title": "Sjukepleiar - lengre vikariat",
"municipal": "SUNNFJORD",
"application_due": "2026-12-06 00:00:00+00",
…
},
…
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "974744570" })Spør AI-assistenten
Hva er søknadsfristen for «Sjukepleiar/nevrofysiologiteknikar» hos Helse Førde HF Førde Sentralsjukehus?
Ansetter Helse Førde HF Førde Sentralsjukehus flere i Sunnfjord nå?
Hvilke typer roller ansetter Helse Førde HF Førde Sentralsjukehus i akkurat nå?
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker 1 sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, heltid, fra 30. november 2026 til 15. januar 2027.
Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.