Helgestilling - miljøarbeidar
Rus Og Psykisk Helse - Mikkjelsflaten · Kvam, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Kvam herad søkjer ein miljøarbeidar til ei fast deltidsstilling (15%) i helgeturnus, med arbeid kvar tredje helg. Oppstart er snarast eller etter avtale, og det er 1 stilling ledig. Rolla inneber oppfølging og støtte til bebuarar i daglege gjeremål, tilrettelegging for meistring og sosial deltaking, planlegging av aktivitetar, og samarbeid med pårørande og hjelpeapparat. Arbeidsstaden er den nyoppretta Avdeling rus og psykisk helse - Mikkjelsflaten i Øystese, som tilbyr heildøgns omsorg til ni personar med psykiske lidingar. Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar er ønskjeleg, men andre med relevant utdanning eller arbeidserfaring kan òg bli aktuelle. Politiattest utan merknader må leggjast fram før oppstart.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til Kvam herad, som organisasjon innan offentleg helse- og sosialtenester. Avdelinga er nyoppretta, og stillinga gir moglegheit til å vera med på etableringa og vidareutviklinga av eit nytt tilbod innan psykisk helsearbeid. Kvam herad nyttar nynorsk som offisielt styringsmål og pliktar nynorsk skriftspråk i tenesta.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 17.09.2026. Vitnemål og attestar må lastast opp saman med søknaden.
Om stillingen
Me søkjer ein engasjert miljøarbeidar til fast helgestilling med oppstart frå snarast/etter avtale. Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg.
Som miljøarbeidar vil du bidra til å skapa struktur og tryggleik i kvardagen til bebuarane. Du vil følgja opp og støtta i daglege gjeremål, leggja til rette for sosial deltaking og vera ein viktig medspelar i arbeidet med å fremja meistring og sjølvstende.
Du får arbeida i den nyoppretta avdelinga i Avdeling rus og psykisk helse - Mikkjelsflaten i Øystese. Avdelinga tilbyr heildøgns omsorg til ni personar med psykiske lidingar som ikkje kan bu i eigen heim. Målet er å skapa eit trygt, stabilt og inkluderande bumiljø.
Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å vera med på etableringa og vidareutviklinga av eit nytt tilbod innan psykisk helsearbeid.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og støtte til bebuarar i daglege gjeremål og bidra til eit trygt og inkluderande bumiljø
- Leggja til rette for meistring og god livskvalitet
- Planleggja og gjennomføra aktivitetar
- Samarbeid med pårørande og anna hjelpeapparat
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar er ønskjeleg, men dersom det ikkje søkjer fagarbeidar kan det bli aktuelt å tilsetja andre med relevant utdanning/arbeidserfaring
- Har du arbeidserfaring innan psykisk helsearbeid er det ei føremon
- Du må interesse for fagfeltet psykisk helse
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
- Evne til å byggja gode relasjonar
- Evne til å handtere krevjande situasjonar på ein roleg og profesjonell måte
- Gode samarbeidsevner
- Arbeider godt sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
Ei variert og meiningsfull deltidsstilling i nyoppretta avdeling Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Tove Pedersen, Leiar avdeling rus og psykisk helse, +47 950 42 898
Arbeidsstad
Rokabrekka 1 5610 Øystese
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5169201821 Stillingsprosent: 15% Fast Søknadsfrist: 17.09.2026