Teiknspråkspedagog
Klepp Kommune, Bore Skule · Klepp, Rogaland
AI-sammendrag
Om stillingen
Bore skule i Klepp kommune søker teiknspråkspedagog i 100% fast stilling. Rollen omfattar planlegging, gjennomføring og evaluering av opplæring i og på norsk teiknspråk, tilrettelegging for eit inkluderande læringsmiljø, rettleiing av andre tilsette i teiknspråk og kommunikasjonsstøtte, samt tett samarbeid med foresatte, PPT, Statped og andre instansar. Krav til søkjar er godkjent pedagogisk utdanning og teiknspråkskompetanse. Arbeidsstad er Kleppe i Rogaland.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er utlyst av Klepp kommune ved Bore skule, ein offentleg arbeidsgjevar innan grunnskuleopplæring. Kommunen tilbyr velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar, og lønn blir gitt etter lokal lønnspolitikk.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 30.09.2026. Søknader blir vurderte fortløpande, og stillinga held fram som open til ho er besett av kvalifisert søkjar. Dersom det ikkje kjem kvalifiserte søkjarar innan fristen, kan fristen bli utsett.
Om stillingen
Vil du bidra til å skape eit inkluderande og utviklande læringsmiljø for alle elevar?
Me søker ein engasjert og kompetent teiknspråkspedagog som ønskjer å bidra til elevar si faglege, språklege og sosiale utvikling. Stillinga inneber arbeid med elevar som har behov for opplæring i og på norsk teiknspråk, samt tett samarbeid med foresatte, pedagogisk personale og eksterne samarbeidspartnarar.
Ved Bore skule har me ledig ei 100% fast stilling som teiknspråkspedagog. Me søkjer deg som brenn for teiknspråkleg språkutvikling, formidling og tilrettelegging.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje, gjennomføre og evaluere opplæring i og på norsk teiknspråk
- tilretteleggje for eit inkluderande læringsmiljø som fremjar læring, deltaking og trivsel
- rettleie andre tilsette i bruk av teiknspråk og kommunikasjonsstøttande tiltak
- bidra til utvikling av skulen sin kompetanse innan teiknspråk og inkluderande praksis
- samarbeide tett med foresatte, PPT, Statped og andre relevante instansar
- delta aktivt i profesjonsfellesskapet og skulen sitt utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Godkjent pedagogisk utdanning
- Teiknspråkskompetanse og/ eller utdanning innan norsk teiknspråk, teiknspråkpedagogikk
- Erfaring frå arbeid med banr og unge
- God kompetanse i tilpassa opplæring og inkluderande pedagogikk
- Gode munnlege, skriftlege og teiknspråklege kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er engasjert, fleksibel og løysningsorientert i møte med ulike behov
- Du evner å arbeide sjølvstendig, men trivst også godt i tverrfaglege team
- Du er oppteken av eleven si læring, utvikling og meistring.
- Du bygg gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
- Du arbeider sjølvstendig og strukturert, er fleksibel og løysningsorientert.
- Du bidreg positivt til samarbeid og i profesjonsfellesskapet
- Du har engasjement for inkludering og mangfald
Vi tilbyr
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysning, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk.
Søknadar vil bli vurdert fortløplande, og stillinga vil vera open til den blir besatt av kvalifisert søkjar. Om det ikkje kjem kvalifiserte søkjarar innan fristen, vil søknadsfristen kunne bli utsatt.
Kontaktinformasjon
Jorun Beate Fylkesnes, rektor, +47 93895074
Arbeidsstad
Verdalsvegen 31 4351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5161035904 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.09.2026
Lignende stillinger
Lykta i Bodø søker 5 spesialiserte fosterhjem i Nordland, heltid.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.
Tjøttaparken FUS barnehage i Klepp søker 2 pedagogiske ledere/barnehagelærere i faste heltidsstillinger.