Hopp til innhold
Følg sokfirma.no på LinkedIn.Følg oss

Bjorøy/Foldnes skule

Øygarden Kommune Bjorøy Skule · Øygarden, Vestland

FastDeltidOffentligKontor og økonomiFrist om 6 dager

AI-sammendrag

Om stillingen

Ei fast 80 % stilling som skulesekretær fordelt mellom to skular: 50 % ved Bjorøy skule og 30 % ved Foldnes skule, begge i Øygarden kommune. Arbeidsåret er 41 veker, noko som reduserer løna med 7,7 %. Det kan vera mogleg å auka stillinga gjennom vikararbeid på SFO eller i skulen.

Hovedoppgåvene omfattar mottak og oppfølging av førespurnader frå elevar og føresette, støtte til skuleleiinga, arkivarbeid og personvern (GDPR), saksbehandling, samt rekneskap og økonomiadministrativt arbeid. Søknadsfrist: 31. juli 2026.

Om arbeidsgiveren

Bjorøy skule er ei underseining av Øygarden kommune og driv ordinær grunnskoleundervisning. Eininga har 31 tilsette. Øygarden er ein kystkommune i Vestland fylke, og skulane ligg på Bjorøy og Foldnes. Som del av kommunal sektor tilbyr arbeidsgivaren gode pensjons- og forsikringsordningar.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 31. juli 2026. Vitnemål og attestar må lastast opp i søkjarportalen innan fristen.

Om stillingen

Om avdelinga:

Vi har no ei 80% fast stilling som skulesekretær ved Bjorøy og Foldnes skule. Stillinga er knytt 50% til Bjorøy og 30% til Foldnes. Vi søkjer ein strukturert og serviceinnstilt medarbeidar som vil vera ein viktig del av den administrative kvardagen på skulen.

Arbeidsoppgåver:

  • Ta imot og følgja opp førespurnad frå elevar, føresette og samarbeidspartnarar
  • Være støttespelar for skuleleiinga
  • Samarbeida tett med administrasjonen på skulen
  • Ha ansvar for arkivarbeid og personvern (GDPR)
  • Oppdatere og følgje opp skuleadministrative system
  • Utføre saksbehandling
  • Arbeide med rekneskap og anna økonomiadministrativt arbeid
  • Utføre anna forfallande sekretærarbeid

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • fagbrev i kontorfaget eller bachelor i administrative fag (lang og relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning)
  • god systemforståing og digital kompetanse
  • god kjennskap til MS Office (Word, Excel, Outlook og Powerpoint)
  • gode norskkunnskapar og god formidlingsevne, munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • erfaring frå saksarkivsystem, gjerne Websak
  • erfaring med Vigilo, skuleadministrativt program
  • erfaring med Visma Enterprise-modular som personalmelding, fråvær og liknande
  • erfaring med skyss elev

Personlege eigenskapar:

Vi legg vekt på at du:

  • er positiv og serviceinnstilt, med godt humør
  • arbeidar strukturert, er ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • har gode samarbeidsevner
  • kan arbeide sjølvstendig og finne gode løysingar i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
  • er nytenkjande og kreativ i utviklinga av den administrative avdelinga på skulen (digitalisering er ei viktig satsing ved skulen og i kommunen)
  • har forståing for omdømmebygging og heilskapleg tenking
  • meistrar digitale system og verktøy
  • kommuniserer godt med elevar, føresette kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar

Anna:

  • Arbeidsåret er 41 veker, og løna vert difor redusert med 7,7%. Det kan vera mogleg å auka stillinga gjennom vikararbeid på SFO og/eller i skulen.
  • Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Foldnes skule, Rektor - Ragnhild Knudsen Magerøy

Telefon: 90189593

E-post: [email protected]

Bjorøy skule, Rektor - Renathe Fagerbakke

Telefon: 55097582

E-post: [email protected]

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 31.7.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Øygarden Kommune Bjorøy Skule

Lignende stillinger

Drømmer du om å tjene en høy lønn?
Salgspartner As · AKERSHUS

Salgspartner AS søker 3 heltidsselgere på fast kontrakt i Akershus for felt- og telefonsalg av Telia-produkter.

FastHeltid3 stillingerKontor og økonomi
Vi søker etter skipsfører/kaptein
Torhus Shipping AS · MØRE OG ROMSDAL

Torhus Shipping AS i Møre og Romsdal søker vikar som skipsfører/kaptein på heltid, med mulighet for fast ansettelse.

VikariatHeltidKontor og økonomi
Frist 27.7.2026
VI SØKER SELVSTENDIGE TAKSTINGENIØRER
Birkeland Takst & Prosjekt As · AKERSHUS

Birkeland Takst & Prosjekt i Nordre Follo søker 2 selvstendige takstingeniører på heltid med oppdragsbasert frihet.

AnnetHeltid2 stillingerKontor og økonomi