Konstali Helsenor, vikarbyrå med 377 ansatte, søker sykepleier i heltidsvikariat ved sykehjem i Akershus, 5. okt–6. des 2026.
Ungdomsarbeidar 50% fast stilling (2 stillingar)
Kvinnherad Kommune Barn Og Familie · Kvinnherad, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Kvinnherad kommune søkjer to ungdomsarbeidarar i 50 % faste deltidsstillingar, knytt til Ungdomsteamet. Arbeidet er hovudsakleg drift og utvikling av ungdomsbasane i Rosendal og på Husnes, samt oppgåver innan utekontakt og ungdomslos. Ansvarsområda omfattar planlegging og gjennomføring av aktivitetar for ungdom, oppsøkjande og førebyggjande arbeid, samt samarbeid med skule, helsestasjon, politi og barnevern. Arbeidstida er fordelt på 2-3 dagar per veke, primært ettermiddag og kveld, samt kvar tredje søndag. Førarkort klasse B er eit krav. Arbeidsstad er Kvinnherad kommune.
Om arbeidsgjevaren
Stillingane er ved Kvinnherad kommune Barn og familie, ei underenhet av Kvinnherad kommune sentraladministrasjon. Selskapet driv innan generell offentleg administrasjon og har 88 ansatte totalt i kommuneadministrasjonen. Som ein offentleg arbeidsgjevar tilbyr kommunen løn etter gjeldande avtaleverk, pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP, og er ei IA-verksemd.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 27. september 2026. Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding.
Om stillingen
Vil du vere med og skape trygge møteplassar og gode oppvekstvilkår for ungdom i Kvinnherad?
Kvinnherad kommune søkjer to engasjerte og relasjonssterke ungdomsarbeidarar i 50 % faste stillingar. Stillingane er knytte til Ungdomsteamet og har hovudfokus på drift og utvikling av ungdomsbasane i Rosendal og på Husnes. I tillegg vil du vere ein viktig del av det førebyggjande arbeidet gjennom oppgåver innan både utekontakt og ungdomslos.
Dette er spennande stillingar for deg som ønskjer å gjere ein forskjell i ungdomar sine liv, og som trivst med ein variert arbeidskvardag der relasjonar, aktivitetar og samarbeid står sentralt.
Om stillingane
Ungdomsteamet i Kvinnherad består av ungdomsarbeidarar, ungdomslosar og utekontaktar som saman arbeider for å skape trygge, inkluderande og rusfrie arenaer for ungdom.
Som ungdomsarbeidar vil du:
· vere med å drifte og vidareutvikle ungdomsbasane i Rosendal og på Husnes
· bidra til å skape trygge, inkluderande og rusfrie møteplassar for ungdom
· planleggje og gjennomføre aktivitetar, arrangement og prosjekt saman med ungdomane
· byggje gode relasjonar og vere ein trygg vaksenperson i ungdomane sin kvardag
· arbeide oppsøkjande og førebyggjande gjennom utekontaktarbeid
· bidra i oppfølging av ungdom som har behov for støtte og rettleiing i samarbeid med ungdomslos og andre tenester
· samarbeide med skule, helsestasjon, politi, barnevern, frivillige lag og andre aktuelle samarbeidspartnarar
· bidra til utvikling av kommunen sitt samla ungdomsarbeid
Arbeidstid
Stillingane er på 50 %, med arbeidstid i hovudsak fordelt på 2 til 3 arbeidsdagar per veke.
Arbeidet er primært lagt til ettermiddag og kveld, og omfattar:
· arbeid på ungdomsbasane 2 til 3 ettermiddagar eller kveldar per veke
· arbeid kvar tredje søndag
· noko møteverksemd, planlegging og oppfølgingsarbeid på dagtid ved behov
Stillingane passar godt for personar som ønskjer å kombinere arbeidet med andre arbeidsforhold, studiar eller annan relevant aktivitet.
Me søkjer deg som
· har eit ekte engasjement for ungdom og ønskjer å bidra til gode oppvekstvilkår og positive ungdomsmiljø
· er ein trygg og tydeleg vaksenperson som byggjer gode relasjonar og skapar tillit
· møter ungdom med respekt, varme og tydelege grenser
· ser ressursane hos ungdom og legg til rette for medverknad og meistring
· har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med ungdom, føresette og samarbeidspartnarar
· er fleksibel, løysingsorientert og trivst med ein variert arbeidskvardag
· tek ansvar, arbeider sjølvstendig og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
· trivst i endring og er open for å ta på deg nye oppgåver når behova i tenesta utviklar seg
Kvalifikasjonar
· erfaring frå ungdomsarbeid, miljøarbeid, fritidsklubb, frivillig arbeid eller anna arbeid med barn og unge er ønskjeleg
· erfaring frå førebyggjande arbeid, oppfølging av ungdom eller tverrfagleg samarbeid er ein fordel
· relevant fagutdanning eller høgskuleutdanning innan helse-, sosial- eller pedagogiske fag er ønskjeleg
· særleg relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
· førarkort klasse B er eit krav
Me veit at gode ungdomsarbeidarar kjem med ulik bakgrunn. Difor vil personlege eigenskapar, relasjonskompetanse, engasjement og relevant erfaring frå arbeid med ungdom verte vektlagde minst like mykje som formell utdanning.
Kvelds- og helgearbeid er ein naturleg del av stillingane, og me oppmodar særleg personar med erfaring frå arbeid med ungdom og gode relasjonelle ferdigheiter om å søkje.
Ungdomsteamet er ei teneste i kontinuerleg utvikling. Endringar i ungdomane sine behov, satsingsområde og organisering kan gjere at nye arbeidsoppgåver og ansvarsområde vert aktuelle over tid.
Personleg eignaheit vil verte tillagt avgjerande vekt ved tilsetjing.
Me tilbyr
- ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
- moglegheit til å vere med og utvikle ungdomsarbeidet i Kvinnherad
- eit fagleg sterkt og engasjert ungdomsteam med godt arbeidsmiljø
- tett samarbeid med ungdomslosar, utekontaktar og andre fagpersonar
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjonsordning og forsikringsordningar gjennom KLP
- arbeidsplass i ei IA-verksemd
Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding.
Vil du vere med å skape trygge møteplassar, gode relasjonar og nye moglegheiter for ungdom i Kvinnherad?
Me gler oss til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Innlandet, heltid med oppstart 1. oktober 2026.
Region Värmland søker sykepleier til fast heltidsstilling ved den psykiatriske mottagelsen i Arvika, med frist 9. oktober 2026.
Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat i bofellesskap i Nordland, heltid ut november 2026.
Dignus Medical/Kletor AS søker fastlegevikar til heltidsvikariat i Troms, oppstart 15.10.26.
Årnes tannklinikk i Akershus fylkeskommune søker tannhelsesekretær i fast, 100 % stilling.