Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Sjukepleiar
Sogndal Kommune Balestrand Helsetun Og Heimeteneste · Sogndal, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Sogndal kommune lyser ut 1 fast stilling som sjukepleiar i 100 % turnus ved Balestrand helsetun og heimeteneste, med oppstart 17. august 2026. Turnusen inkluderer arbeid kvar tredje helg, med moglegheit for langvakter og lengre helgeintervall. Ein sentral del av stillinga er knytt til legevaktsatellitten – Balestrand var first i landet med denne ordninga – der sjukepleiaren bidrar med akuttoppgåver. Sjukepleiarar som tek vakter ved satellitten får eit årleg lønnstillegg på kr 30 000. Øvrige oppgåver omfattar sjukepleiefaglege tenester til bebuarar på institusjonen, heilskapleg pleie og omsorg, rettleiing av studentar, tverrfagleg samarbeid og dokumentasjon i journalsystem. Arbeidsstad er Balestrand, Vestland.
Om arbeidsgivaren
Sogndal kommune er ein offentleg kommune i Vestland fylke. Balestrand helsetun og heimeteneste er ein kommunal helse- og omsorgseining der helsetun, heimeteneste, legevaktsatellitten, fysio-/ergoteneste og bu- og miljøteneste held til under same tak. Dette gir eit breitt tverrfagleg samarbeidsmiljø og fagleg utvikling gjennom kurs og øvingar.
Søknad og frist
Søknadsfrist: 16. august 2026.
Om stillingen
Er du interessert i ein arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver, teamarbeid og spennande utfordringar? No har du sjansen! Me har ledig sjukepleiestilling på Balestrand helsetun med vakter knytt til legevaktssatellitten: Sjukepleiar 100% fast stilling i turnus, frå 17. august 2026. Det er turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for langvakter og eventuelt då lengre helgeintervall. Balestrand var først i landet med å innføre ei ny satellitt-legevaktsordning. Her kan du som sjukepleiar bidra med legevaktsoppgåver og bli ein del av eit team som handlar raskt når kvart minutt tel. Me har fokus på at sjukepleiarane får auka fagkompetanse og tett oppfølging gjennom øvingar og kurs. For sjukepleiarar som tek vakter ved legevaktsatellitten, blir det gitt eit årleg lønnstillegg på kr 30 000. Balestrand helsetun ligg vakkert til i sentrum av Balestrand omgitt av fjord og fjell. Helsetunet og heimetenesta held til i same bygg med legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med dei ulike einingane i kommunen.
Arbeidsoppgåver:
- Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver til bebuarar i institusjon.
- Oppgåver i tilknyting til legevaktssatellitten
- Heilskapleg pleie og omsorg
- Rettleiar for studentar/lærlingar og andre
- Delta i tverrfagleg samarbeid
- Oppfølging av dokumentasjon i journalsystemet
- Medansvarlig for eit godt læringsmiljø
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
Sentrale ansvarsområde:
- Pasientflyt
- Pasientjournalsystem - LMP
- Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta
- Medikamenthandtering
- Legevisittar
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar:
- Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg. Krav om å levere inn dokumentasjon på norskkunnskapane.
- Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demens, geriatri, akuttsjukepleie eller rehabilitering/velferdsteknologi
- Førarkort
Personlege eigenskapar:
- Løysingsfokusert
- Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
- Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
- Ha evne og interesse for eldreomsorg
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Godt fagleg miljø
- Lønn etter tariff
- Tilrettelagt årsturnus
- Moglegheit for langvakter med lengre helgeintervall.
Kun søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning.
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.
Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.
WorkNorway Group AS søker intensivsykepleiere til kortvarige vikariater ved intensivavdeling og akuttmottak i Troms fra august 2026.
Emploi Medic AS søker 4 miljøterapeuter på heltid til forsterket bo- og omsorgstilbud i Finnmark, engasjement med medleverturnus.
Emploi Medic søker 5 miljøterapeuter på heltid til medleverturnus ved asylsøkertilbud i Finnmark.