Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Vernepleiar/sjukepleiar

Bjørnafjorden Kommune Tilrettelagte Tenester · Bjørnafjorden, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosialFrist 31.8.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester søker vernepleiar eller sjukepleiar til 100% fast stilling ved Bjørnefjorden bufellesskap, som ligg nokre minutt frå Os sentrum. Bufellesskapet gjev tenester til 12 tenestemottakarar, og den tilsette skal yte heilskapleg fagleg omsorg med vekt på livskvalitet, brukarmedverknad og målretta miljøarbeid. Stillinga kan innebere primærkontaktansvar og følgjer langvaktsturnus med arbeidshelg kvar 4. helg. Søkjarar med sosialfagleg eller pedagogisk bachelorutdanning vil også bli vurderte. Arbeidsstad er Bjørnafjorden kommune.

Om arbeidsgjevaren

Bjørnefjorden bufellesskap er ei underining til næringsdrivande og offentleg forvaltning, og driv innan omsorgstenester i butilbod for personar med utviklingshemming eller tilsvarande funksjonsnedsetting. Verksemda har 79 tilsette, og er dermed ein forholdsvis stor arbeidsplass innan tilrettelagde tenester i Bjørnafjorden kommune.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 31.08.2026.

Om stillingen

Tilrettelagte tenester ved avdeling Bjørnefjorden Bufellesskap, har ledig 100% fast stilling.

Arbeidsstad Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til barn og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene for vaksne består av 9 bufellesskap og 2 dagsenter. Bjørnefjorden bufellesskap ligg nokre minutt i frå Os sentrum, og gjev tenester til 12 tenestemottakarar.

Arbeidsoppgåver Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikra at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Det vil kunne ligge primærkontaktansvar til stillinga.

Stillinga er for tida i langvaktsturnus med arbeidshelg 4.kvar helg.

Kvalifikasjonar Autorisert sjukepleiar/vernepleiar men utdanniing innan sosialfagleg- eller pedagogisk utdanning på bachelornivå vil òg bli vurderte til stillinga Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar

Utlands utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i pasientnært turnusarbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnløn på kr. 25.000,- over garantilønnstabell. Nyutdanna vernepleiar/sjukepleiar som har hatt stipendordning i Bjørnafjorden kommune, under utdanning, kan etter lokal ordning få tilbod om eingongsstipend på kr. 50.000,- ved oppstart i 100% fast stilling
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 31.8.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Helsefagarbeider 90% stilling
Helse- og sosialetaten, Lurøy kommune

Lurøy kommune søker helsefagarbeider i 90% fast stilling ved Lovund omsorgssenter.

FastDeltidHelse og sosial
Frist 10.9.2026
Miljøterapeut
Emploi Medic As · NORDLAND

Emploi Medic AS søker miljøterapeut på heltid til oppdrag innen migrasjonshelse i Nordland.

EngasjementHeltidHelse og sosial