Ålesund kyrkjelege fellesråd søker kantor i 100 % fast stilling ved Borgund sokn i Ålesund. Søknadsfrist 1. november 2026.
Museumsvert på Sunnmøre museum
Stiftinga Viti · Ålesund, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Sunnmøre museum i Borgundgavlen søker 2 faste museumsvertar i deltidsstillingar, med arbeid annan kvar helg. Sentrale oppgåver er matlaging og servering i kafé, bemanning av resepsjon og butikk, mottak av cruisegrupper og andre besøkande, billettsal og kassaoppgjer, samt opning og stenging av museet. Det vert òg lyst ut stillingar som tilkallingsvikarar ved Sunnmøre museum, Middelaldermuseet og Fiskerimuseet. Løn frå kr 389 100 etter statens lønsregulativ, med medlemskap i KLP.
Om arbeidsgivaren
Viti Sunnmøre Museum er ei undereining innan drift av kulturhistoriske museer, med 40 tilsette og forretningsadresse i Ålesund. Museet tek imot fleire tusen besøkande kvart år og er ein etablert kulturinstitusjon på Sunnmøre.
Søknad og frist
Søknadsfrist er løpande.
Om stillingen
Vil du vere med å arbeide på Sunnmøre museum i idylliske Borgundgavlen?
Stiftinga Viti har 2 ledige stillingar som museumsvert annan kvar helg. Viti har også ledige stillingar som tilkallingsvikarar på Sunnmøre museum, Middelaldermuseet og Fiskerimuseet.
Kvart år kjem det fleire tusen besøkande til musea våre og vi søkjer etter deg som ønsker å skape ein hyggeleg og god oppleving for våre gjestar.
Vi ønskjer deg som elskar utfordringar og brenner for å gi besøkande våre det lille ekstra, samtidig som du bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø. Du liker å jobbe med mat og menneske, og er sjølvstendig, initiativrik, løysings orienterte og serviceinnstilt.
Sentrale arbeidsoppgåver
- Lage mat frå botnen av og servere det i kafeen
- Betene resepsjon / butikk og yte service
- Mottak av cruisegrupper og andre publikumsgrupper
- Opning og stenging av museet
- Sal av billetter og butikkvarer samt kassaoppgjer
Vi søker deg som er
- Imøtekomande og blid
- Glad i å lage mat
- Interessert i historie
- Sal og serviceinnstilt
- Punktleg
- Sjølvstendig og har gode planleggingsevner
- Ansvarsfull og tar ansvar for egne oppgåver
- Språkkunnskapar utover norsk og engelsk vil telle positivt.
Personlege eigenskapar og erfaring blir vektlagt.
Vi kan tilby
- Ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
- løn i SK 1078 betjent med løn frå kr389 100 med aktuell lønsplassering i statens sitt lønsregulativ ut frå kvalifikasjonar, ansiennitet og erfaring.
- Medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa.
Arbeidsstad: Sunnmøre museum
Søknadsfrist: Løpande
Send en kortfatta søknad med CV til richard@vitimusea.no Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju og vi ynskjer då referansar, vitnemål og attestar.
Stillingane ligg i avdeling kulturhistorisk, seksjon vertskap.
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.
Lignende stillinger
Ålesund kirkelige fellesråd søker kantor til Spjelkavik menighet i Ålesund, 100 % fast stilling.