Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Barnehagelærar - 2.gongs utlysing

Luster Kommune Veitastrond Oppvekstsenter · Luster, Vestland

FastHeltidOffentligUtdanning
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Luster Kommune Veitastrond Oppvekstsenter.

AI-sammendrag

Om stillingen

Veitastrond oppvekstsenter lyser ut 1 fast stilling som barnehagelærar, inntil 100 %, i Luster kommune i Vestland. Dette er ei andregongs utlysing. Barnehagen har éi avdeling med plass til 24 barn, og frå barnehageåret 2026/27 ventar ein om lag 12 barn i alderen 1–5 år. Senteret delar bygg med skule og SFO, og det er tett samarbeid på tvers av einingar. Barnehagen vektlegg fysisk aktivitet, naturglede og vaksenrolla i leiken – med visjonen «leik, omsorg og læring i ein trygg og aktiv kvardag».

Om arbeidsgivaren

Veitastrond oppvekstsenter er ein kombinert barnehage og skule som ligg ved Veitastrondsvatnet i Luster. Barnehageeininga er registrert i bransjen for førskoleundervisning og drift av barnehager, og er ei undereining under Luster kommune. Oppvekstsenteret har 14 tilsette, og barnehageavdelinga har i dag fem pedagogar og tilsette i tillegg til styrar. Luster kommune nyttar nynorsk som administrasjonsmål.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 9. august 2026. Alle søknader må sendast via kommunens rekrutteringssystem. Det vert gjort merksam på at søkjarnamn kan verta offentleggjorde i tråd med offentleglova.

Annonsetekst

Veitastrond oppvekstsenter er ein kombinert barnehage og skule, som ligg idyllisk til ved enden av Veitastrondsvatnet. Oppvekstsenteret har ei unik plassering midt i bygda, omkransa av variert natur på alle kantar. Bygda har dei siste åra hatt ei svært positiv utvikling og ber preg av eit ungt, framtidsretta miljø med godt samhald på tvers av ulike aldersgrupper. Barnehagen har éi avdeling med kapasitet på 24 plassar, og per dags dato er det fem tilsette, i tillegg til styrar. Frå barnehageåret 2026/27 reknar me med å ha 12 ungar mellom 1-5 år. Barnehagen deler bygg med skulen og SFO. Det er mykje samarbeid mellom barnehage og skule, blant anna lesing, tur, spesielle dagar som t.d. påske, karneval, skidag og liknande, og me sikrar slik ein flytande overgang frå barnehagebarn til skuleelev. Elles satsar barnehagen på å skapa ein aktiv kvardag for barna, der me er opptekne av vaksenrolla i leiken. Visjonen vår er leik, omsorg og læring i ein trygg og aktiv kvardag. I dette ligg det at me har stort fokus på trivsel, og korleis me kan gjera dagane best mogleg for kvart einskild barn. Me er opptekne av fysisk aktivitet og glede over naturen og nærmiljøet.

Stillingsinformasjon:

  • Inntil 100% fast stilling som barnehagelærar

Kvalifikasjonar:

  • Barnehagelærarutdanning
  • Me legg vekt på personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på:

  • Gode samarbeidsevner
  • Relasjonskompetanse
  • Løysingsorientert
  • Tydeleg vaksenperson, som både er omsorgsfull og kan setja grenser
  • Engasjement for, og evne til, å samarbeida med barn, kollegaer og føresette for å skapa eit trygt og godt barnehagemiljø
  • Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
  • Likar leik og aktivitet

Me kan tilby

  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Link til søknadsskjema: Søk her

Lignende stillinger

Barnehagelærer
Alven Eventyrbarnehage · GRIMSTAD, AGDER

Alven Eventyrbarnehage i Grimstad søker barnehagelærer til 40 % vikariat med oppstart 1. desember 2026.

VikariatDeltidUtdanning
Frist 19.12.2026