Nes videregående skole i Akershus søker vikarlærer i realfag, 25 % deltidsstilling fra september 2026.
Barnehagelærar vikariat 100%
Sveio Kommune · Sveio, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Sveio kommune lyser ut eit 100 % vikariat som barnehagelærar ved Førde barnehage i Førdebygda, Sveio. Vikariatet varer frå 15.08.2026 til 31.05.2027, med moglegheit for forlenging. Hovudoppgåvene er å leie og gjennomføre det pedagogiske arbeidet i tråd med barnehagelova og rammeplanen, planlegge og dokumentere arbeid knytt til enkeltbarn og barnegruppe, rettleie personale, samarbeide med foreldre og andre faginstansar, samt bidra i prosjekt- og utviklingsarbeid. Stillingen inneber òg ansvar for å koordinere spesialpedagogisk arbeid rundt barn med særlege behov.
Om arbeidsgiveren
Førde barnehage er ein kommunal barnehage med 3 avdelingar og barn i alderen 1–6 år. Eininga er registrert som underenhet til offentleg forvaltning i bransjen for førskoleundervisning og drift av barnehager, med 18 tilsette. Barnehagen er i ein aktiv utviklingsfase med systematisk fokus på pedagogisk planlegging, evaluering og dokumentasjon, og samarbeider tett med høgskulesektoren.
Søknad og frist
Søknadsfrist: 29.06.2026.
Om stillingen
Om stillinga
Det er ledig eit 100% vikariat som barnehagelærar i Førde barnehage frå 15.08.2026 - 31.05.2027, det er mogeleg at stillinga kan bli forlenga.
Om Førde barnehage
Førde barnehage er ein kommunal barnehage som held til i Førdebygda i Sveio kommune. Det er 3 avdelingar med barn i alderen 1-6 år. Vi er midt i ein god utviklingsprosess, kor vi jobbar målretta og systematisk med barnehagen som pedagogisk verksemd med fokus planlegging, evaluering, progresjon og dokumentasjon i det pedagogiske arbeidet. I dette arbeidet samarbeider vi tett med bl.a. høgskulesektoren.
Arbeidsoppgåver
- Bidra med, og setje i verk det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn
- Planlegge, gjennomføre og dokumentera, vurdera og utvikla arbeid i høve enkeltbarn og barnegruppa
- Rettleiing av personale, foreldresamarbeid, tverrfagleg samarbeid
- Prosjektarbeid/utviklingsarbeid
- Barnehagelærar har ansvar for sette ut i livet, og leie det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn
- Barnehagelærar skal sørge for at barnehagelova og rammeplanen blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet
- Barnehagelærar har ansvar for leie arbeidet med planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innanføre dei områda han/ho er sett til å leie
- Barnehagelærar har ansvar for foreldresamarbeid
- Barnehagelærar har ansvar for å legge til rette for og koordinere spesialpedagogisk arbeid og samarbeid rundt barn med spesielle behov
- Barnehagelærar forpliktar seg til å jobbe i tråd med barnehagen si pedagogiske plattform og kommunen sine faglege satsingar
Kvalifikasjonar
- Godkjent 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar, likeverdig med barnehagelærarutdanning er annan 3 åring pedagogisk utdanning på høyskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. Anna relevant utdanning/praksis kan vurderast
- Erfaing frå arbeid i barnehage er ein fordel
- Tilfredsstilliande politiattest må framvisast ved tilsetting
- Utdanning frå utlandet må vere godkjent frå NOKUT
- Det er ønskeleg med erfaring i oppfølging av barn med spesielle behov
- Det er ei forutsetting at søkar har grunnlegjande forståing for og kan nytte IKT som verktøy
- Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, les og skriv så godt norsk at du kan samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig
- Sterk fagleg kompetanse og gode samarbeidsevner
- Jobbe sjølvstendig, vere løysingsorientert og vise fleksibilitet i arbeidet
Personlege eigenskapar
- Godkjend barnehagelærarutdanning eller annan relevant utdanning som kvalifiserer for arbeid som barnehagelærar i barnehage
- Nyfiken, motivert og undrande saman med barn
- God relasjonskompetanse og god omsorgsevne
- Sterk fagleg kompetanse og gode samarbeidsevner
- Interesse for å vidareutvikle deg sjølv og kollegaer
- Kunne jobbe sjølvstendig, vere løysingsorientert og vise fleksibilitet i arbeidet
- God forståing og evne til planleggings- og evalueringsarbeid
- Kreativitet og humor
- Glad i friluftsliv
Vi tilbyr
- Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap.
- Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle.
- Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Lignende stillinger
Nes videregående skole i Akershus søker vikarlærer (60 %) i engelsk og historie fra 7. september til 31. desember 2026.
Nes videregående skole i Akershus søker vikar i norsk, 70 % deltid, fra 7. september til 31. desember 2026.
Nes videregående skole i Akershus søker 4 tilkallingsvikarer i deltidsvikariat til studieforberedende utdanningsprogram.
Ekspertundervisning søker 3 privatlærere i realfag til frilansoppdrag på heltid i Oslo.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.