Sjukepleiar
Sogndal Kommune Leikanger Sjukeheim Og Heimeteneste · Sogndal, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Leikanger heimeteneste søkjer ein sjukepleiar i eit 100 % vikariat med oppstart 1. september 2026, varigheit eitt år. Stillinga går i turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for kvar 4. helg med langvakter. Arbeidsstad er Sogndal kommune i Vestland.
Hovudoppgåvene omfattar sjukepleiefaglege oppgåver i heimetenesta, direkte pleie og omsorg hos brukarar, legemiddelhandtering, dokumentasjon i Gerica og IPLOS, samt rettleiing av studentar og kollegaer. Tenesta leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg, og det vert lagt vekt på tverrfagleg samarbeid og velferdsteknologi.
Krav til kvalifikasjonar: bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon, gode norskkunnskapar og førarkort klasse B. Relevant vidareutdanning eller erfaring innan velferdsteknologi, demens, psykiatri eller geriatri er ønskeleg.
Om arbeidsgivaren
Leikanger sjukeheim er ei undereining under Sogndal kommune og opererer innanfor bransjen sjukeheimtenester. Eininga har 152 tilsette og er ein del av den kommunale helse- og omsorgstenesta i Sogndal. Som offentleg verksemde tilbyr dei tilsette lønn etter tariff samt gode pensjons-, forsikrings- og velferdsordningar.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 16. august 2026.
Om stillingen
Me ynskjer fleire dyktige sjukepleiarar til heimetenesta på Leikanger.
No er det ledig stilling, og vi håpar du vil bli vår nye kollega.
Som sjukepleiar i heimetenesta vert du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me har stor bredde i oppgåvene og i bebuar og brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande.
Det er eit godt tverrfagleg samarbeid i tenestene våre, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til brukarane våre. Me legg til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg i eigen heim. Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer.
Om stillingane:
Leikanger heimeteneste har ledig følgjande stilling som sjukepleiar:
- 100% vikariat i turnus ledig frå 01.09.26 i eitt år.
For stillinga gjeld turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for 4. kvar med langvakter.
Arbeidsoppgåver:
- Sjukepleiefaglege oppgåver i heimetenesta
- Rapportering/tiltak/prosedyrar i Gerica, IPLOS, ADL
- Utføre direkte og heilskapleg pleie og omsorg til brukarar heime.
- Rettleie og følgje opp studentar/lærlingar og kollegaer og bidra til fagleg utvikling i avdelingane.
- Vurdere behov og planlegge pleie i samarbeid med brukar, pårørande, tilsynslege/fastelege, kollegaer og leiing.
- Bidra til god informasjonsflyt i avdelinga
- Observere, dokumentere og iverksette nødvendige tiltak i tråd med avdelinga sine føringar.
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
- Ivareta godt pårørandesamarbeid
- Legemiddelhandtering og administrering
Sentrale ansvarsområde:
- Pasientflyt
- Pasientjournalsystem
- Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta
- Medikamenthandtering
- Tverrfagleg samarbeid
- Velferdsteknologi
Kvalifikasjonar:
- Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
- Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan velferdsteknologi, demens, psykiatri eller geriatri.
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Er løysingsorientert og positiv
- Er fagleg sterkt og er trygg i rolla som sjukepleiar
- Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Taklar ein uforutsett arbeidskvardag
- Er ansvarsfull og serviceinnstilt
- Er open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet
- Er endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosesser.
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.
Me tilbyr:
- Aktivt og spanande arbeidsmiljø, varierande dagar og faglege utfordringar.
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Lønn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Godt fagleg miljø
- Tilrettelagt turnus med 3. kvar helg og moglegheit for langvakter.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.
Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.
WorkNorway Group AS søker intensivsykepleiere til kortvarige vikariater ved intensivavdeling og akuttmottak i Troms fra august 2026.
Emploi Medic AS søker 4 miljøterapeuter på heltid til forsterket bo- og omsorgstilbud i Finnmark, engasjement med medleverturnus.