Konstali Helsenor, vikarbyrå i Oslo, søker 2 sykepleiere til heltidsvikariat ved bolig i Trøndelag fra 16. november 2026.
Tilkallingsvikar innan psykisk helse og rus
Gol Kommune Helse Og Omsorg · Gol, Buskerud
AI-sammendrag
Om stillingen
Gol kommune Helse og omsorg søkjer tilkallingsvikarar til miljøtenesta innan psykisk helse og rus. Stillinga er ei deltidsstilling som tilkallingsvikar, med hovudvekt på nattevakter, men også dag- og kveldsvakter ved behov. Arbeidsoppgåvene omfattar oppfølging og bistand til brukarar i tråd med vedtak, strukturert miljøterapeutisk arbeid, praktisk bistand, sosial trening og samtalar, samt samarbeid med pårørande og andre samarbeidspartnarar. Helsefagleg bakgrunn er ønskjeleg, men ikkje eit krav, og førarkort klasse B er nødvendig. Arbeidsstad er Gol.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til Gol kommune Psykisk helse, ei underining av Gol kommune innan forebyggende helsearbeid. Verksemda har 70 tilsette og er ein del av kommunen sitt helse- og omsorgstilbod, med fokus på å styrkje meistring i kvardagen for brukarar gjennom tilrettelegging, praktisk støtte og rettleiing.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 31.08.2026.
Annonsetekst
Vi søkjer engasjerte tilkallingsvikarar som ønskjer å vere med og levere gode tenester til brukarane våre og bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø.
Miljøtenesta innan psykisk helse arbeider for å styrkje meistring i kvardagen gjennom tilrettelegging, praktisk støtte og rettleiing. Dette kan mellom anna omfatte hjelp til å etablere gode rutinar, økonomisk rettleiing, stimulering til aktivitet og deltaking i sosiale nettverk. Tenesta arbeider etter vedtak fatta av tildelingskontoret i kommunen.
Vi søkjer tilkallingsvikarar som i hovudsak kan arbeide natt, men som også kan ta vakter på dag- og kveldstid ved behov.
Arbeidsoppgåver:
- oppfølging og bistand til brukarane våre i tråd med vedtak og individuelle behov
- strukturert miljøterapeutisk arbeid
- praktisk bistand, sosial trening, samtalar og liknande oppgåver
- samarbeid med pårørande, verjer og andre samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar:
- det er ønskjeleg med helsefagleg bakgrunn, anten fagbrev eller høgare utdanning, men dette er ikkje eit krav
- erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- førarkort klasse B
Vi ser etter deg som:
- har interesse for fagfelta psykisk helse og rus
- ønskjer å gjere ein positiv forskjell for menneske som nyttar tenestene våre
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er god til å byggje relasjonar
- har evne til refleksjon og fagleg vurdering
- kan arbeide sjølvstendig, men trivst også med å samarbeide i team
- er fleksibel og løysingsorientert
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr:
- eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- eit solid fagmiljø med dyktige kollegaer
- varierte, utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- løn etter gjeldande avtaleverk
Slik søkjer du: Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Alle søkjarar vil få stadfesting på at søknaden er motteken, dersom rett e-postadresse er registrert i søknaden.
Søknadsfrist: 31.08.26
Velkomen som søkjar! Vi ser fram til å høyre frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat på heltid ved bokollektiv for personer med demens i Møre og Romsdal.
Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat på heltid i et bofellesskap i Akershus, 1. desember 2026 til 1. mars 2027.
Konstali Helsenor søker sykepleier i heltidsvikariat ved sykehjem i Finnmark, fra 9. november 2026 til 17. januar 2027.
Ankora i Levanger søker 6 miljøterapeuter til ny barneverninstitusjon for ungdom, fast heltid med medleverturnus.
Hålogaland Helse og Omsorg søker inntil 6 miljøterapeuter/miljøarbeidere på heltid, fast, i medleverturnus i Troms og Nordland.