Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Verksbetjent- serviceteknikar

Bergen Fengsel · Bergen, Vestland

FastHeltidOffentligBygg og anlegg
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Bergen Fengsel.

AI-sammendrag

Om stillingen

Bergen fengsel søkjer ein fast verksbetjent/serviceteknikar på heltid til vedlikehaldsavdelinga. Hovudoppgåvene er teknisk vedlikehald og drift av elektroniske og teletekniske installasjonar — mellom anna låsesystem, kamera/overvåking, alarmsystem, TV og telefoni — samt brannteknisk tilsyn, internkontroll og oppfølging av innsette i arbeidssamanheng. Stillinga er i Bergen kommune. Løn frå kr 500 000 – 650 000 pr. år, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar.

Om arbeidsgivaren

Bergen fengsel er ei undereining av Kriminalomsorga, innanfor bransjen aktivitetar i rettsvesen og kriminalomsorg. Eininga har 303 tilsette og utgjer ein av dei større fengselseiningane i Noreg. Som statleg verksemd tilbyr arbeidsgivaren tilsetjing i Statens pensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar.

Søknad og frist

Søknadsfrist: 9. august 2026.

Annonsetekst

Om Stillinga

Vi søkjar fast medarbeidar til arbeidsdrifta, avdeling for vedlikehald i Bergen fengsel.

Vedlikehaldsavdelinga er ei gruppe med trivlege, engasjerte, direkte og ærlege fagfolk med god humor.

Du vil få arbeidsoppgåver innan teknisk vedikehald i fengselet. Det vere seg å sjå til at alle tekniske innstallasjonar virkar, som låsesytem, kamera/overvåking, alarmsystemer, TV, telefonar, kvitevarar o.l.

Vi er oppteken av å gjere det lille ekstra for at fengselet skal fungere godt i det daglege. Arbeidsdrifta har eit tett samarbeid med Statsbygg, skule og tryggleiken i Bergen fengsel.

Arbeidsoppgåver

  • vedlikedhald og drift av elektroniske og teletekniske installasjonar
  • delta i utvikling og iverksetting av nye tekniske løysinger
  • tilsyn og reparasjon av inventar i samarbeid med IT-avdelinga
  • etablering av nye punkter
  • brannteknisk tilsyn
  • internkontroll og dokumentasjon
  • koordinering av arbeide opp mot annaleie opplærimg, sysselsetting og oppfølging av innsette
  • generelt vedlikehald

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.

Utdanning og erfaring

Du må ha

  • relevant fagbrev og relevant erfaring innan Tele/kommunikasjon/elektriker
  • lang relevant erfaring kan erstatte krav om fagbrev
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy

Det er ønskjeleg at du har

  • utdanning eller erfaring innan elektronikk eller automatisering
  • beherska engelsk munnleg

Den som blir tilsett, må vere villig til å gjennomføre kriminalomsorga si utdanning som verksbetjent.

Personlege eigenskapar

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til tryggleikstenking
  • evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med arbeidskvardagen til dei innsette
  • evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
  • du må vere tolmodig, serviceinnstilt, ansvarsfull og fleksibel og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
  • lojalitet og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • tilbod som til dømes trening, kantineordning og parkering.

Stillinga blir løna som 0275 Verksbetjent fra kr 500 000 – 650 000 pr. år, avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar. Kompensasjon for ubekvem arbeidstid kjem i tillegg det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Trond Sture - Verksmeister tlf. 55 39 3700 / eller 47375979 trond.sture@kriminalomsorg.no

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.

Flere stillinger hos Bergen Fengsel

API og MCPGET /company/974727730/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/974727730/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 1,
  "hits": [
    {
      "uuid": "a065caf9-2271-4ccb-89c6-483c922ad92a",
      "title": "Fengselsførstebetjent / Seniorkonsulent tenestekontor/HR/lønn",
      "municipal": "BERGEN",
      "application_due": "2026-12-06 00:00:00+00",
      …
    }
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "974727730" })

Spør AI-assistenten

  • Ansetter Bergen Fengsel flere i Bergen nå?
  • Hvilke andre stillinger lyser Bergen Fengsel ut nå?
  • Hva er søknadsfristen for «Verksbetjent- serviceteknikar» hos Bergen Fengsel?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Anleggsmaskinfører – Aarstad Anlegg
Aarstad Anlegg · TRØNDELAG

Aarstad Anlegg i Inderøy søker 1 erfaren anleggsmaskinfører på heltid, fast ansettelse, i Trøndelag.

FastHeltidBygg og anlegg
Frist 3.12.2026
Montør av bygg
R.s Stål & Montasje As · NORDLAND

R.S Stål & Montasje AS i Ørland søker 1 montør av bygg på heltid, fast ansettelse, til stålbygg og sandwichelementer.

FastHeltidBygg og anlegg
Faglært Tømrer
EGB Enterprises AS · ROGALAND

EGB Enterprises AS i Rogaland søker 5 faglærte tømrere til faste heltidsstillinger innen nybygg og rehabilitering.

FastHeltid5 stillingerBygg og anlegg