Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang →

Fast 70% stilling som helsefagarbeidar ved Vossestrand Omsorgstun

Voss Herad Område Nord · Voss, Vestland

FastDeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Voss Herad Område Nord .

AI-sammendrag

Om stillingen

Voss herad Område nord lyser ut 1 fast 70 % deltidsstilling som helsefagarbeidar/hjelpepleiar ved Vossestrand Omsorgstun i Voss kommune, Vestland. Langvakter kan vurderast. Arbeidsoppgåvene omfattar heilheitleg pleie og omsorg, helsefaglege oppgåver tilpassa kompetanse og autorisasjon, samt primærkontaktansvar. Lærling i siste periode kan òg søkje. Tilsetjing skjer fortløpande.

Om arbeidsgivaren

Vossestrand Omsorgstun er ein undersektion av Voss herad og driv sjukeheimstenestar. Tunet ligg ved Oppheimsvatnet på Oppheim, om lag 2 mil frå Voss sentrum, og har 26 bebuarar fordelt på tre avdelingar. Heimetenesta dekker eit stort geografisk område med om lag 50 brukarar. Med 75 tilsette er dette ein mellomstor kommunal institusjon. Verksemda arbeider etter tillitsmodellen og vektlegg førebygging og tidleg innsats i møte med framtidas omsorgsutfordringar.

Søknad og frist

Søknadsfrist: 31. august 2026.

Om stillingen

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

Om avdelinga: Vossestrand Omsorgstun ligg nydeleg til ved Oppheimsvatnet på Oppheim. Ca 2 mil frå Voss Sentrum. Det er 26 bebuarar i institusjon, fordelt på 3 avdelingar. Heimetenesta rommar eit stort geografisk område, og har omlag 50 brukarar.

Me arbeider etter tillitsmodellen og det kan verte aktuelt å arbeide inne og ute.

Fylgjande er ledig:

  • 70% fast for helsefag/hjelpepleiar ved Vossestrand Omsorgstun, langvakter kan vurderast

Lærling i siste periode kan og søkje. Ved intern tilsetjing kan anna fast stillingsprosent verte aktuelt.

Tilsetjing vil skje fortløpande i perioden Arbeidsoppgåver:

  • Heilheitleg pleie og omsorg
  • Helsefaglege oppgåver
  • Oppgåver etter kompetanse og autorisasjon
  • Primærkontaktoppgåve

Kvalifikasjonar:

  • Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar
  • Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Me ynskjer:

  • Deg med glede av å arbeide i eldreomsorgen
  • Ein ny god kollega

Me tilbyr:

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Langvakter
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her

Flere stillinger hos Voss Herad Område Nord

Lignende stillinger

Sykepleier til sykehjem i Møre og Romsdal
Konstali Helsenor AS · MØRE OG ROMSDAL

Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat ved sykehjem i Møre og Romsdal, heltid fra 14. oktober 2026.

VikariatHeltidHelse og sosial