Assisterande avdelingsdirektør
Nav Bergen Sentrum (regionkontor Bergen) · Bergen, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Nav Bergen Sentrum søkjer ein assisterande avdelingsdirektør i fast stilling på heltid (1 stilling). Rolla inneber personalansvar for fire avdelingsleiarar og stabstilsette, og du blir del av kontorleiinga og regionens leiargruppe. Hovedoppgåver er drift og utvikling av tenestene ved kontoret, resultatoppfølging mot mål og budsjett, medarbeidar- og arbeidsmiljøutvikling, forbetrings- og omstillingsarbeid, samt samhandling med kommunal leiar og eksterne samarbeidspartnarar. Arbeidsstad er Bergen, Vestland.
Om arbeidsgjevaren
Nav Bergen Sentrum er ei underenhet til næringsdrivande og offentleg forvaltning, innan bransjen sosialkontortjenester. Verksemda har 212 tilsette i Bergen, og er eit av landets største Nav-kontor med over 300 tilsette totalt fordelt mellom stat og kommune.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 1. september 2026.
Om stillingen
Vil du vere med å lede et av landets største Nav-kontor?
Nav Bergen Sentrum søkjer ein engasjert og utviklingsorientert assisterande leiar som ønskjer å gjere ein skilnad for både innbyggjarar og medarbeidarar. Hos oss får du moglegheita til å bidra til leiing og utvikling av eit av landet sine største Nav-kontor, med eit viktig samfunnsoppdrag og eit sterkt fagleg fellesskap.
Som leiar i Nav skal du utøve tillitsbasert leiing med ein motiverande og inkluderande leiarstil. Du byggjer tillit gjennom å sjå og utvikle potensialet hos medarbeidarane dine. Gode relasjonsevner og evne til å skape eit inkluderande og godt arbeidsmiljø er difor sentrale eigenskapar i denne rolla.
Nav Bergen Sentrum er regionkontor i Nav region Bergen og bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel. Kontoret har ein todelt leiarmodell med ein statleg og ein kommunal leiar, og har over 300 tilsette fordelt mellom stat og kommune.
Som assisterande leiar for statleg linje ved Nav Bergen Sentrum blir du ein sentral del av kontorleiinga og får ansvar for drift og utvikling av tenestene ved kontoret, i tett samarbeid med kommunal leiar. Du får personalansvar for fire dyktige avdelingsleiarar, samt stabstilsette. Som assisterande leiar blir du og ein del av regionen si leiargruppe.
Kva går jobben ut på?
- sikre effektiv drift og utvikling av tenestene ved Nav Bergen sentrum
- skape og utvikle gode resultat i samsvar med mål, budsjett, planar og overordna føringar
- legge til rette for utvikling av medarbeidarar og arbeidsmiljø
- arbeide med forbetring av tenestene, endring og omstilling
- ha tett samhandling med kommunal leiar og anna leiing i region Bergen
- ha aktiv kontakt med næringsliv og andre eksterne samarbeidspartnarar
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- solid leiarerfaring med personalansvar
- erfaring med å skape gode resultat innan tenesteleveranse og arbeidsmiljø
- erfaring frå endring og omstillingsprosessar
- gode munnlege og skriftlege evner på norsk
- forståing for leiing i staten og kjenne samfunnsoppdraget til Nav godt
Det er ein fordel om du har
- erfaring frå leiing i offentleg verksemd
- kjennskap til Nav sine tenester
- erfaring med strukturert forbetringsarbeid og Lean-metodikk
Kva ser vi etter hos deg?
- har evne til å byggje tillit, skape gode relasjonar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- har evne til å motivere, inkludere og spele på lag med erfarne og kunnskapsrike medarbeidarar
- er tydeleg, strukturert og resultatorientert
- er løysingsdyktig og har god gjennomføringsevne
- har godt humør og bidreg til eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø
Kvifor velje oss?
- hos oss får du jobbe med spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit høgt prioritert samfunnsområde
- du får leie aktive og engasjerte medarbeidarar som brenn for samfunnsoppdraget
- du får delta i strategisk utviklingsarbeid i regionen
- gode høve til fagleg og personleg utvikling
- fleksibel arbeidstid
- statleg tilsetting som avdelingsdirektør i kode 1060 i lønsspenn frå kr 860 000 til 930 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Mette Johnsen Bentdal, Regionleiar/Avdelingsdirektør, 41184104
Arbeidssted
Møllendalsveien 6 5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5152994689 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.09.2026
Lignende stillinger
Nordens välfärdscenter i Stockholm søker én seniorrådgiver for barn og unge, heltid, tidsbegrenset prosjektstilling. Frist 30. oktober 2026.
CERN Staff Association søker 1 administrasjonsassistent på heltid, fast ansettelse, til barnehagen Jardin des Particules i Sveits.
Birkeland Takst & Prosjekt AS i Akershus søker 2 takstingeniører til deltidsengasjement med fleksibel arbeidstid.
Ramsalt Lab i Tromsø søker kommersiell rådgiver til anbud og salg, fast heltidsstilling med hjemmekontor.
Anvern søker rådgiver i deltid til ny satsing på samfunnssikkerhet og beredskap i Nord-Norge.