Vernepleiar fast stilling
Tenesteområde Butenester · Haram, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Tenesteområde Butenester i Haram søkjer autorisert vernepleiar i 100 % fast stilling. Stillinga er for tida plassert ved Haram bustader 1, som yter tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Turnus omfattar dag- og kveldsvakter samt arbeid kvar 3. helg. Arbeidsstad er Brattvåggata 19 i Brattvåg, Haram kommune i Møre og Romsdal. Startdato er 17. august 2026.
Hovudoppgåver inkluderer direkte tenesteyting, utarbeiding og evaluering av mål og tiltak for tenestemottakarar, legemiddelhandtering, dokumentasjon, saksbehandling etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9, samt rettleiing av kollegaer og studentar. Stillingen inngår i eit miljøterapeutteam med 5 andre miljøterapeutar, i tillegg til helsefagarbeidarar og assistentar.
Krav: autorisasjon som vernepleiar, gode norskkunnskapar, gyldig politiattest og førarkort klasse B.
Om arbeidsgiveren
Haram bustader er ein del av Haram kommune sitt kommunalområde Helse og omsorg, organisert som ei underenhet med dagaktivitetstilbod tilpassa målgrupper. Eininga har fokus på fagutvikling og skal i ein 4-årsperiode jobbe systematisk med å implementere krav frå rettleiaren «Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming».
Søknad og frist
Søknadsfrist er 16. august 2026.
Om stillingen
Butenesta i Haram søkjer vernepleiar i 100 % fast stilling. Stillinga er for tida plassert ved Haram bustader 1. Vi tilbyr spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø. Turnus er for tida dag- og kveldsvakter, samt arbeid kvar 3. helg.
Hovudkontoret vårt ligg i Brattvåggata 19. Haram bustader yter i hovedsak tenester til menneske med psykisk utviklingshemming, og vi har fokus på fagutvikling og kompetanseheving. Hos oss får du jobbe i eit miljø som er opptatt av samarbeid, tryggleik og utvikling. Butenesta er god på punkttenester. Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som vernepleiar får du vere ein del av dette arbeidet.
Haram bustader består av tre avdelingar: Haram bustader 1 som består av bustader, Haram bustader 2 som består av bustader og Solbakken bukollektiv og dagsenter. Vi har også ei avdeling som består av barnebustad og barneavlastning. Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Utarbeide, iverksette og evaluere mål og tiltak for tenestemottakarane og tenesta.
- Sikre tenestemottakarar ein god heim med tenester i tråd med deira behov og ønskje.
- Direkte tenesteyting i medhald til vedtak, planar, rutinar og prosedyrer.
- Ivareta dokumentasjonsplikta.
- Legemiddelhandtering.
- Samarbeid med pårørande, verger og eksterne samarbeidspartnarar.
- Bidra til fagutvikling i tenesta.
- Rettleiing av kollegaer, tenestemottakarar, pårørande, studentar og elevar
- Oppfølging og saksbehandling av vedtak etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som vernepleiar.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
- Må ha gyldig politiattest.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Du må vere oppteken av å yte gode tenester.
- Du må vere opptatt av fag.
- Du er ein aktiv bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø.
- Er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
- Evnar å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling
- Rom for å vere kreativ
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Jobb i eit miljøterapeutteam i lag med 5 andre miljøterapeutar i Haram bustader 1, samt helsefagarbeidarar og assistentar
Kontaktinformasjon
Susanne Kristin Snipsøyr, Avdelingsleiar Haram bustader 1, 90016534, Susanne.Kristin.Snipsoyr@haram.kommune.no Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Brattvåggata 19 6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5136239772 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 17.08.2026 Søknadsfrist: 16.08.2026
Lignende stillinger
Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.
Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.
WorkNorway Group AS søker intensivsykepleiere til kortvarige vikariater ved intensivavdeling og akuttmottak i Troms fra august 2026.
Emploi Medic AS søker 4 miljøterapeuter på heltid til forsterket bo- og omsorgstilbud i Finnmark, engasjement med medleverturnus.