Helse Førde i Sunnfjord søker fast utviklingsdirektør for stabsområdet Fag og utvikling, 60 ansatte.
Sjukepleiar/sjukepleiar med relevant vidareutdanning
Psk Døgn Psykose, Helse Førde · Sunnfjord, Vestland
Om stillingen
DPS Døgn psykose har ledig 100% vikariat for sjukepleiar/sjukepleiar med relevant vidareutdanning. Vikariat frå snarast til og med august 2027.
Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har om lag 185 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.
DPS Døgn psykose har 8 døgnplassar og 1 brukarstyrt plass. Vi er ein open spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. DPS Døgn psykose tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid på sengepost, undervisning/rettleiing, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid
- Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen
- Gi psykiatrisk pleie og omsorg
- Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg behandling på avdelinga
- Ta del i den til ei kvar tid oppgåver som ligg til seksjonen
- Andre oppgåver etter avtale med leiar
- Turnusarbeid, langvakter på helg kan vere aktuelt dersom ønskjeleg.
- Mulighet for langvakter i vekedagar er under kartlegging.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning (f.eks. psykiatri eller SEPREP) blir vektlagd, men er ikkje eit krav.
- Relevant erfaring er ønskjeleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottar gjerne hjelp
- Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
- Opplæring
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Stephanie Levy, Seksjonsleiar, (+47) 993 78 985
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2 6812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5187045198 Stillingsprosent: 100% Vikariat Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 13.10.2026
Flere stillinger hos Psk Døgn Psykose, Helse Førde
Helse Førde ved Førde sentralsjukehus i Sunnfjord søker 2 overleger i ortopedisk kirurgi, fast og heltid.
Førde sentralsjukehus (Helse Førde) søker seksjonsleder for dialyse, fast heltidsstilling i Sunnfjord, frist 11.10.2026.
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat ved sykehjem i Møre og Romsdal, heltid fra 14. oktober 2026.