Hopp til innhold

Brann og redning - Eidsdal

Fjord Kommune · Fjord, Møre Og Romsdal

FastDeltid2 stillingerOffentligSikkerhet og beredskapFrist 12.7.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Fjord kommune lyser ut 2 faste deltidsstillinger som brannkonstabel ved Eidsdal brannstasjon i Fjord kommune, Møre og Romsdal. Stillingane utgjer 2,04 % og dekker pålagte øvingar; tid til utrykning kjem i tillegg. Konstablane er sett opp med personsøkjar og rykkar ut ved alarm. Arbeidsoppgåver inkluderer brannsløkking, røykdykking, livreddande førstehjelp, sikring av ullykkesstad og deltaking i øvingar. Søkjarar må bestå medisinsk og fysisk test, ha førarkort klasse B, og bør ha under 10 minutters reisetid til stasjonen. Brannkorpset oppfordrar særleg kvinner til å søkje.

Om arbeidsgiveren

Fjord kommune er ein offentleg forvaltningseining i Møre og Romsdal. Sentraladministrasjonen er registrert med 23 ansatte. Kommunane Fjord og Stranda samarbeider om brann- og redningsvesen med til saman seks lokale stasjonar og nærare 100 brannkonstablar, noko som gir eit solid fagmiljø bak den lokale stasjonen i Eidsdal.

Søknad og frist

Søknadsfrist: 12. juli 2026. Aktuelle søkjarar kan bli kontakta fortløpande før fristen går ut.

Om stillingen

Er du interessert i å arbeide som brannkonstabel på deltid i indre Sunnmøre? Da er dette ei stilling du bør sjekke ut og søke på. I Fjord kommune er det ledig stilling som brannkonstabel ved Eidsdal brannstasjon. Ein brannkonstabel jobbar deltid og er sett opp med personsøkjar, og rykkar ut ved alarm. Stillingane utgjer 2,04 % og dekker pålagte øvingar gjennom året. Tid til utrykning kjem i tillegg. Tilsette må bere personleg varslar/nødtelefon for alarm.

Kommunane Fjord og Stranda har inngått eit samarbeid innan brann- og redningsvesen som no tel seks lokale stasjonar og nærare 100 brannkonstablar. Samarbeidet inneber koordinering av innsats innan førebyggande arbeid og beredskap.

Innan beredskap er fokuset å behalde og utvikle kompetanse, avvikle øvingar og ferdigheitstrening samt teste brannkonstablane innan fysisk og mental kapasitet.

Alle som har lyst til å prøve seg som brannkonstabel oppfordrast til søkje (søkjar må ha fylt 18 år). For å bli ein del av brannkorpset må du ved tilsetting bestå fysisk- og medisinsk test. Det vert gjennomført deltidsopplæring med dei krav som ligg føre.

Ta kontakt med brannmeister eller leiar brann for ytterligare informasjon.

Brannkorpset har behov for fleire kvinner og oppfordrar dei som er interessert til å ta kontakt.

Aktuelle søkjarar vil bli kontakta fortløpande sjølv om søknadsfristen ikkje er ute.

Arbeidsoppgåver

  • Brannsløkking
  • Røykdykking
  • Delta i øvingar og opplæring i samsvar med oppsett plan
  • Livreddande førstehjelp
  • Sikring av ullykkesstad

Kvalifikasjonar

  • Må bestå medisinsk og fysisk test.
  • Førarkort klasse B og gjerne BE
  • Ønskjeleg med førarkort klasse C
  • Ønskjeleg med båtførarbevis
  • Bør ha mindre enn 10 minutt reisetid til brannstasjon

Personlege eigenskapar

  • Arbeid som brannkonstabel har krav til fysisk og psykisk helse. Du må ha god styrke og uthald. Du kan ikkje ha klaustrofobi eller høgdeskrekk. Arbeidet er gruppebasert og brannkonstablar må både kunne samarbeide og la seg leie. Viktig at du klarar å behalde roa i stressande og farlege situasjonar.

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med avtaleverk
  • Variert arbeid i positivt miljø
  • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
  • Det vert trekt 2% frå løna til innskot til pensjonsordning (KLP)
  • Beregodtgjering

Kontaktinformasjon

Hilde Dyrkorn, Teknisk fagkonsulent, +47 95256201, [email protected]

Arbeidsstad

Primær Fylkesveg 63 10 6215 Eidsdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord kommune Referansenr.: 5146053177 Stillingsprosent: 2,04% Fast Søknadsfrist: 12.07.2026

Søk på jobben
Søk senest 12.7.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Fjord Kommune

Lignende stillinger