Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Sjukepleiar - fast stilling på natt

Eidet Omsorgssenter Avd 1, Haram Kommune · Haram, Møre Og Romsdal

FastDeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Eidet Omsorgssenter Avd 1, Haram Kommune.

AI-sammendrag

Om stillingen

Haram kommune søker autorisert sjukepleiar i ca. 65% fast stilling ved Eidet Omsorgssenter i Tennfjord. Stillingen er på natt med turnus kvar 3. helg. Arbeidsoppgåvene omfattar helsefaglege oppgåver, omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientar, tverrfagleg samarbeid, dokumentasjon, fagutvikling samt rettleiing av medarbeidarar og studentar. Søknadsfrist er 27. juli 2026.

Om arbeidsgivaren

Eidet Omsorgssenter er ein underenhet av Haram kommune og er registrert i bransjen sykehjemstjenester. Omsorgssenteret har 107 ansatte og held til i Tennfjord, ca. 20 minutter med bil frå Moa. Senteret inngår i Haram omsorgstenester, som også omfattar Haram omsorgssenter, fleire heimetenestedistrikt og tre dagsenter for eldre. Som offentleg verksemd har kommunen eit heilskapleg ansvar for helse- og omsorgstenester til innbyggarar i alle aldrar.

Søknad og frist

Søknadsfrist: 27. juli 2026.

Annonsetekst

Haram kommune søker etter sjukepleiar i ca. 65% fast stilling, for tida ved Eidet Omsorgssenter i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på natt, med arbeid kvar 3. helg.

Eidet Omsorgssenter har eit tett samarbeid på tvers av dei 2 avdelingane på omsorgssenteret, særleg på natt. Vi er open for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi ønsker å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Vi har fokus på gode måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde med mykje sol. Her nyt vi utsikt utover fjord og fjell, frå eit fint og moderne bygg. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa.

Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenester.

Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønsker å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

  • Helsefaglege oppgåver.
  • Omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientane.
  • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
  • Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg.
  • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Personlege eigenskapar

  • I Haram kommune ønsker vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Godt humør og positiv framtoning.
  • Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer
  • Eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme.

Vi tilbyr

  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver.
  • Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på.
  • Gode turnustekniske løysingar.
  • Løn etter tariff.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Camilla Walderhaug Lundberg, Konstituert avdelingsleiar, HT, 47516769, camilla.walderhaug.lundberg@haram.kommune.no Maria Nordbø Solevåg, Avdeligsleiar, avd. 1, 91004986, Maria.Nordbo.Solevag@haram.kommune.no Malin Vatnehagen Stokke, Avdelingsleiar, avd. 2, 47516769, Maria.Nordbo.Solevag@haram.kommune.no Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Trolldalssletta 12 6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5151450725 Stillingsprosent: 65% Fast Søknadsfrist: 27.07.2026

Lignende stillinger

Anaesthetic Nurse Wanted – Anaesthesia Unit 1
Aalborg Universitetshospital Syd

Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.

FastHeltidHelse og sosial
Frist 31.12.2026