Hardanger fartøyvernsenter i Kvam søker administrasjonskonsulent i fast heltidsstilling.
Bestmann på S/J Mathilde – Hardanger Fartøyvernsenter
Hardanger Fartøyvernsenter · Kvam, Vestland
Annonsetekst
Me lyser med dette ut 100% fast stilling som bestmann på Hardangerjakta Mathilde.
Mathilde er ei 140 år gammal, 73 fot lang hardangerjakt som har vore i drift sidan 1989 etter ei omfattande restaurering. Me seglar frå mars til oktober med leirskule, utleigetokter og andre oppdrag. I vinterhalvåret jobbar mannskapet med vedlikehald av fartøyet. Ombord har me eit fast mannskap på tre: skipper, bestmann og kokekyndig. I tillegg har me i periodar ein ekstra matros eller leirskulelærar.
Sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver:
- Næraste støtte til skipper: Fungere som nestkommanderande på S/J Mathilde.
- Rigging og segl: Spesielt ansvar for vedlikehald, ettersyn og stelling av rigg og segl.
- Kunnskapsformidling: Vareta og vidareføre tradisjonell sjømannskunnskap, segling og maritimt handverk til gjester og grupper i alle aldersgrupper.
- Skutedrift: Bidra til dagleg drift og vedlikehald av eit historisk seglfartøy innanfor ei kulturhistorisk ramme.
Kvalifikasjonar:
- Grunnleggande tryggleikskurs for sjøfolk (STCW tabell A-VI/1-1, 1-2, 1-3, 1-4).
- Passasjer- og krisehandteringskurs.
- Gyldig helseattest frå sjømannslege.
- Gyldig politiattest.
I enkelte tilfelle kan arbeidsgjevar, etter nærare avtale, dekke kostnader til nødvendige kurs.
Vi søkjer deg som:
- Brenn for tradisjonssegling, for oss vil det si at du har eit stort hjarte for historiske seglskuter, tradisjonelt sjømannskap og kulturhistorisk formidling.
- Har fagkunnskap og erfaring med segling og vedlikehald av seglfartøy.
- Er sjølvstendig og løysingsorientert, at du kan arbeide strukturert, tek initiativ og finn gode løysingar i kvardagen.
- Likar folk og formidling, har ei glød for å skape gode opplevingar og trivst med å lære vekk maritim kunnskap.
- Er ein god lagspelar og har gode samarbeidsevner, eit godt humør og bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
- Forstår norsk godt, og snakkar norsk eller annet skandinavisk språk.
- Identifiserer deg med verdiane våre: Truverdig, raus og engasjert.
Me kan tilby
Ein unik stilling på ei unik seglskute.
Eit variert og meiningsfull arbeid ved eit av dei fremste fagmiljøa innan maritim kulturhistorie, fartøyvern og tradisjonshandverk i Noreg. Du får arbeida tett på både fagpersonar og leiarar i ei verksemd med stort samfunnsoppdrag og høgt aktivitetsnivå.
Hardanger og Voss museum kan tilby gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.
Hardanger og Voss museum er tilknytt tariffavtalen "Landsoverenskomsten for museum og andre kulturinstitusjonar".
Søknadsfrist: 7. desember
Spørsmål kan rettast til fartøyansvarleg Tone Geirsdatter Solvang tlf. 41448240, epost tone.solvang@hvm.museum.no eller einingsleiar Olav Hanto tlf. 91724072, e-post olav.hanto@hvm.museum.no
Flere stillinger hos Hardanger Fartøyvernsenter
Hardanger Fartøyvernsenter i Kvam søker leder for fartøyverneininga, fast heltidsstilling med frist 22.11.2026.
Hardanger fartøyvernsenter i Kvam søker 2 ekstrahjelper på deltid til kaféen i Kulturnaustet, ettermiddager og helger.
API og MCPGET /company/972171514/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/972171514/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 4,
"hits": [
{
"uuid": "7b32f3f0-4780-4e1d-8013-301ef715368f",
"title": "Bestmann på S/J Mathilde – Hardanger Fartøyvernsenter",
"municipal": "KVAM",
"application_due": "2026-12-07 00:00:00+00",
…
},
{
"uuid": "0b8b74bd-631b-4c99-ba36-f9c44cf9aec6",
"title": "Vil du vera med å halda hjula i gang ved eit av dei nasjonale fartøyvernsentra?",
"municipal": "KVAM",
"application_due": "2026-11-29 00:00:00+00",
…
},
…
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "972171514" })Spør AI-assistenten
Hva er søknadsfristen for «Bestmann på S/J Mathilde – Hardanger Fartøyvernsenter» hos Hardanger Fartøyvernsenter Hardanger Og Voss Museum Fellesavd?
Ansetter Hardanger Fartøyvernsenter Hardanger Og Voss Museum Fellesavd flere i Kvam nå?
Hvilke typer roller ansetter Hardanger Fartøyvernsenter Hardanger Og Voss Museum Fellesavd i akkurat nå?
Lignende stillinger
Anleggsgartner Arnesen AS i Akershus søker 1 anleggsgartner med fagbrev på heltid, fast ansettelse.