Fagarbeidarar fast og vikariat
Austevoll Kommune · Austevoll, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Austevoll kommune søker barne- og ungdomsarbeidarar til Storebø skule, den største barneskulen i kommunen med rundt 350 elevar og cirka 60 tilsette. Det er 3 ledige stillingar: éin fast stilling på inntil 80 %, eit vikariat i perioden 01.10.2026–31.07.2027 og eit vikariat frå 01.10.2026 til 28.02.2027. Stillingane er deltid. Arbeidsoppgåvene omfattar elevassistentarbeid i skule og SFO, med særleg fokus på elevar med særskilde behov, samt deltaking i skulen sine satsingsområde og samarbeid med lærarar. Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller relevant helsefagleg/pedagogisk utdanning er kvalifikasjonskrav, men anna relevant erfaring kan òg bli vurdert. Arbeidsstad er Storebø i Austevoll kommune.
Om arbeidsgjevaren
Stillingane er knytt til Austevoll kommune sitt kommunalområde Oppvekst, som er ei offentleg eining med omlag 145 tilsette totalt, medrekna skular, barnehagar, PPT, helsestasjon, barnevern og kulturskule. Underneininga Oppvekst, kultur og fritid har 38 registrerte tilsette og driv innanfor offentleg administrasjon knytt til helsestell, undervisning og kultur.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 20.09.2026.
Om stillingen
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 350 elevar og ca. 60 tilsette. Skulen er plassert på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling.
Om stillinga
Ledige stillingar som barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO – inntil 80 %
Storebø skule har ledige stillingar som barne- og ungdomsarbeidar:
- Fast stilling på inntil 80 %
- Vikariat i perioden 01.10.2026–31.07.2027
- Vikariat i perioden 01.10.2026–28.02.2027
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Elevassistent i skule og SFO. Arbeid med elevar med særskilde behov i undervisning og friminutt. Deltaking i, og oppfølging av skulen sine satsingsområde. Samarbeid med lærar og deltaking i team for assistentar.
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav
- Fagbrev barne- og ungdomsarbeidar og/eller relevant helsefagleg/pedagogisk utdanning.
- Anna relevant utdanning/erfaring kan bli vurdert.
Personlege eigenskapar
- Du må kunne arbeida sjølvstendig med varierte arbeidsoppgåver.
- Det vert stilt krav til gode samarbeids- og kommunikasjonsevne.
- Godt humør og løysingsorientert tilnærming til oppgåver vert vektlagt.
- Du må like å vere i fysisk aktivitet ute og inne.
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Lignende stillinger
Nes videregående skole i Akershus søker vikarlærer i realfag, 25 % deltidsstilling fra september 2026.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.