Assistent/fagarbeidar
Sogndal Kommune Kvernhushaugen Barnehage · Sogndal, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Sogndal kommune søker vikar til 100 % stilling som assistent/fagarbeidar ved Kvernhushaugen barnehage på Kaupanger. Stillinga gjeld frå snarast og fram til 11.08.2027. Arbeidet inneber å skape eit trygt og utviklande leike- og læringsmiljø, planleggje og gjennomføre pedagogiske opplegg, samarbeide med kollegaer og føresette, og bidra til godt arbeidsmiljø i barnehagen. Kvalifikasjonar som blir vektlagt er fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, arbeidserfaring frå barnehage og gode norskkunnskapar. Arbeidsstad er Sogndal kommune.
Om arbeidsgjevaren
Kvernhushaugen barnehage er ein kommunal barnehage i Sogndal kommune, med 30 barn fordelt på to avdelingar og 10 tilsette. Barnehagen ligg ved idrettsparken på Kaupanger, med nærleik til natur- og turområde. Som del av kommunal sektor tilbyr arbeidsgjevaren mellom anna pensjons- og forsikringsordningar og velferdsordningar for tilsette.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 25.08.2026.
Om stillingen
Er du ein engasjert, kreativ fagarbeidar som brenn for å skape eit trygt, utviklande og inkluderande miljø for barn? Då er dette sjansen din! Kvernhushaugen barnehage ligg idyllisk til på Kaupanger i Sogndal kommune, med skogen og turområde, som nærmaste nabo. Barnehagen har fantastiske fasilitetar frå Kaupanger Idrettslag sin idrettspark, rett utanfor døra. Her kan barna boltre seg på fotballbana, sykkelbane, Frisbee golf og i Kaupangerhallen.
Kvernhushaugen barnehage er ein liten, men dynamisk barnehage med 30 barn fordelt på to avdelingar. Me er 10 dyktige og engasjerte tilsette i eit godt fagleg miljø med høg kompetanse og god aldersmiks.
Me er ein aktiv og samansveisa gjeng som likar å være ute i all slags ver. Med kort veg til lavvoen vår, legg vi til rette for spennande opplevingar i naturen – perfekt for både små og store eventyrarar.
Ledig stilling: 100 % vikariat som assistent/fagarbeidar i perioden frå snarast - 11.08.2027.
Dette blir jobben din:
- Sikre eit inspirerande, trygt og utviklande leike – og læringsmiljø
- Planleggje, gjennomføre og evaluere pedagogiske opplegg /aktivitetar for barna
- Samarbeide tett med kollegaer og føresette
- Legge til rette for eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike og læringsmiljø
- Medverke til gode prosessar i det daglege
- Arbeid inn mot enkeltbarn og i barnegruppa
- Bidra til godt arbeidsmiljø i barnehagen
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som barne – og ungdomsarbeidar
- Arbeidserfaring frå barnehage
- Beherske norsk godt, skriftleg og munnleg.
ersonlege eigenskapar:
- Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
- Engasjement for arbeid med barn
- Omsorgsfull , tydeleg og tolmodig
- Tek initiativ, ansvar og er løysingsorientert
- Fysisk aktiv, leiken både ute og inne
- Fagleg engasjert, fleksibel
- Evner å ta barneperspektivet og bygge gode relasjonar med barn, kollegaer, føresette
- Taklar høgt tempo i kvardagen
- Kunne gje og ta imot rettleiing
- Ta ansvar for eigne oppgåver
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Kjekke og varierte dagar
- Mykje frisk luft og fysisk aktivitet i flott natur.
- Gode pensjons- og forsikringsordninger
- Gode velferdsordningar
- Oppfølging og rettleiing
- Bedriftstrening
- Gratis parkering
Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med kr. 25.000 i året kan vere aktuelt for deg som har bustadadresse i Sogndal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering. Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla før eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Nes videregående skole i Akershus søker 4 tilkallingsvikarer i deltidsvikariat til studieforberedende utdanningsprogram.
Ekspertundervisning søker 3 privatlærere i realfag til frilansoppdrag på heltid i Oslo.
Fagskolen Viken søker fast praksiskoordinator for helse og oppvekst på heltid — arbeidssted Fredrikstad, Kjeller eller Kongsberg.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.