Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Brannkonstabel - fast 1,92% (deltid) Kaland depot

Alver Kommune · Alver, Vestland

FastDeltidOffentligSikkerhet og beredskapFrist 6.12.2026

Annonsetekst

Om stillinga

Me har ledig ein fast stilling som brannkonstabel med funksjon som røykdykkar knytt til Kaland depot.

Stillinga har ein storleik på 1,92%. Ein må pårekne arbeid utover dette, avhengig av oppdragsmengd.

Om oss

  • Nordhordland brann og redning (NHBR) vart etablert i 2019, ved samanslåing av tre brannvesen. NHBR dekkjer kommunane Alver, Austrheim og Modalen, med Alver kommune som vertskommune. Ansvarsområdet dekkjer 1.149km2, med 34 000 innbyggjarar.
  • Nordhordland brann og redning (NHBR) er organisert med tre einingar: Operativ, feiing og bustadtilsyn og førebyggjande eining.
  • Opeativ eining er fordelt på fem brannstasjonar - Knarvik, Lindås, Manger, Mastrevik og Modalen, samt to depot på Kaland og Øvre Helland. Alle stasjonar er bemanna av brannkonstablar som jobbar deltid, og Knarvik har i tillegg dagkassernering.

Arbeidsoppgåver

  • Vere ein del av deltidsstyrken i NHBR, utan fast vakt
  • Operative oppgåver/utrykkingar
  • Røykdykke
  • Systematisk øving og trening for å oppretthalde naudsynt kompetanse
  • Bidra til vedlikehald av bilar og operativt utstyr
  • Bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø
  • Andre oppgåver som naturleg fell inn under stillinga

Kvalifikasjonskrav

  • Fullført og bestått aspirantkurs internt i NHBR
  • Bestått fysisk test i samsvar med forskrift (årleg krav)
  • Godkjent helsekontroll
  • Politiattest - I tråd med brann- og eksplosjonsvernloven § 18 vert det stilt krav om uttømmande politiattest før tiltreding
  • Bustad maks 10 minutt frå Kaland depot
  • Fysisk og psykisk skikka til stillinga
  • Beherske norsk muntleg og skriftleg

Ønskjeleg kompetanse

  • Grunnutdanning som brannkonstabel ved Norges Brannskole
  • Erfaring frå beredskapsarbeid
  • Kode 160 (utrykkingskøyring)
  • Førarkort kl. C
  • Båtførarprov

Kven er du?

  • Vi ser etter deg som er motivert, pålitelig og har god rolleforståing.
  • Du opptrèr roleg i stressande situasjonar og har god evne til å prioritere.
  • Har forståing for risiko med køyring, samt behovet for vedlikehald av tungbil.
  • Det er viktig for oss at du både arbeider godt sjølvstendig og er ein god og tillitsvekkjande lagspelar.Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Me tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkrèt skilnad i livet til ein person / livet til mange.
  • Oppfølging og rettleiing.
  • Moglegheit til å utvikla evnene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsle.
  • God pensjonsordning i KLP.
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.

Me er ein organisasjon i læring!

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.

Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest

I tråd med brann- og eksplosjonsvernlova § 18 vert det for eksterne kandidatar stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved innan oppstart.

Søk på jobben
Søk senest 6.12.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Alver Kommune

API og MCPGET /company/978606865/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/978606865/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 2,
  "hits": [
    {
      "uuid": "7984f23a-ba1e-4b49-89fe-5f1239ce421d",
      "title": "Brannkonstabel - fast 1,92% (deltid) Kaland depot",
      "municipal": "ALVER",
      "application_due": "2026-12-06 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "f10f8e87-a5cb-457f-b918-2b0fa9ed4eae",
      "title": "Brannkonstabel m/ funksjon som L-1.4 - fast 2,42% (deltid) - Knarvik stasjon",
      "municipal": "ALVER",
      "application_due": "2026-11-22 00:00:00+00",
      …
    }
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "978606865" })

Spør AI-assistenten

  • Hvilke typer roller ansetter Nordhordland Brann Og Redning i akkurat nå?
  • Hvilke andre stillinger lyser Nordhordland Brann Og Redning ut nå?
  • Hva er søknadsfristen for «Brannkonstabel - fast 1,92% (deltid) Kaland depot» hos Nordhordland Brann Og Redning?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Øygarden brann og redning
Øygarden kommune Øygarden brann og redning · ØYGARDEN, VESTLAND
VikariatHeltidSikkerhet og beredskap
Frist 6.12.2026
Alver Kommune
Frist 6.12.2026
Søk på stillingen →