Beredskapsleiar
Brann, Redning Og Førebygging, Stad Kommune · Stad, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Stad kommune søkjer ein beredskapsleiar i fast, heil stilling til eininga for brann, redning og førebygging. Stillinga er todelt: om lag halvparten gjeld operativ leiing i brann- og redningstenesta, medan den andre halvparten er retta mot kommunalt beredskapsarbeid og førebyggande tiltak. Arbeidsstad er Nordfjordeid, med teneste også ved lokasjonane i Selje og på Stadlandet. Beredskapsleiar vil vere næraste stadfortredar for brannsjefen og ha ansvar for vaktordningar, øvingar, ROS-analysar, beredskapsplanlegging og samarbeid med politi og helse. Stillinga inngår i eit tverrfagleg arbeid i kommunen. Søknadsfrist er 15. juli 2026.
Om arbeidsgivaren
Brann, redning og førebygging er ei undereining av Stad kommune og opererer innanfor bransjen brannvernaktivitetar. Eininga har 36 tilsette og dekkjer eit geografisk spreidd område i Vestland fylke med tre brannstasjonar. Som kommunal verksemd er dette ein ikkje-kommersiell aktør utan tilgjengelege rekneskapstal.
Søknad og frist
Søknadsfrist: 15. juli 2026. Søkjarar vert bedne om å laste opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Det er seks månaders prøvetid.
Om stillingen
Vil du vere med på å sikre tryggleik og beredskap i kommunen vår?
Vi søkjer ein engasjert og strukturert leiar for beredskap som vil ha ei sentral rolle i å styrke kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Stillinga er strategisk viktig og inneber både planlegging av beredskap, koordinering og operativ leiing ved hendingar.
Som leiar for beredskap vil du arbeide tett på brannsjefen som næraste overordna, men med utførande oppgåver knytt til planlegging og øvingar med mannskapet. Du vil også vere brannsjefen sin stadfortredar. Stillinga er todelt: om lag halvparten av stillinga inngår som del av brann og redning sitt primæroppdrag medan den andre halvdelen er retta mot beredskapsarbeid generelt, men også mot førebyggande beredskapstiltak. Dette inngår i eit tverrfagleg arbeid i kommunen.
Stillinga er organisert i eining for brann, redning og førebygging i kommunalområde for Kultur og samfunn. Brann og redning har tre lokasjonar i kommunen: Nordfjordeid, Selje og Stadlandet.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle den operative beredskapen i brann- og redningstenesta (50 %)
- Delta i og leie innsats ved brann, ulykker og andre hendingar
- Planleggje, gjennomføre og følgje opp øvingar og følge opp arbeid og dokumentasjon i kommunen sitt fagsystem (internkontroll).
- Ansvar for vaktordningar og bemanning i deltidsstyrken, og delta i vaktordning
- Bidra til kompetanseutvikling og opplæring av mannskap og andre kommunalt tilsette
- Delta i risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) og beredskapsplanlegging
- Samarbeide med politi, helse og andre relevante aktørar
- Følgje opp HMS-arbeid og tryggleik i tenesta
- Administrative oppgåver knytt til beredskap og drift
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan brann, redning, beredskap eller leiing, til dømes Norges brannskole – utrykningsleiar/beredskap, eller tilsvarande
- Erfaring frå operativ brann- og redningsteneste
- Leiarerfaring eller anna dokumentert erfaring til å leie personell og operative innsatsar
- God forståing for beredskapsarbeid, risikoanalyse og samhandling med andre naudetatar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Førarkort klasse B
- Godkjent helse- og politiattest
- Bestått fysisk test for brann og redningstenesta
Personlege eigenskapar
- Gode leiareigenskapar og evne til å ta avgjerd
- Du må kunne arbeide strukturert og sjølvstendig
- Du må kunne samarbeide godt med andre og kommunisere klart og tydeleg
- Du må kunne handtere vanskelege situasjonar, handtere stress og ta raske avgjerder
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden.
Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Geir Petter Hatlenes, Brannsjef, 97990434, [email protected]
Arbeidsstad
Rådhusvegen 11 6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5110227449 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 15.07.2026
Lignende stillinger
Emploi Medic AS søker miljøterapeut til heltidsengasjement innen migrasjonshelse i Nordland, med dekket bolig og reise.
Roskilde Orto-Teknik ApS i Danmark søker 4 tanntekniker på heltid, fast ansettelse ved moderne ortodontisk laboratorium.
Alliansen AS søker 15 miljøarbeidere i vikariat på heltid i Akershus, med turnus innen rus- og atferdsarbeid.
Alliansen AS søker 10 sosionomer/miljøterapeuter til heltidsvikariater i Akershus, turnus med medlever.