Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Kultursjef

Samfunn, Kultur Og Miljø · Kinn, Vestland

FastHeltidOffentligKultur og kreative yrkerFrist 30.8.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Kinn kommune søker ein kultursjef i fast, heiltidsstilling. Stillinga inneber overordna leiing av kulturområdet, som omfattar kulturskule, bibliotek, kulturhus, ungdomsarbeid og frivilligheit — til saman i underkant av 30 årsverk fordelt på fleire fagavdelingar med kvar sin avdelingsleiar. Ein sentral oppgåve vil vere å fullføre den vedtekne samanslåinga av kulturtenesta og kulturskulen til éi samordna eining. Kontorstaden kan veljast mellom Måløy eller Florø, men stillinga krev tilstedeværelse i heile kommunen.

Om arbeidsgivaren

Kinn kommune er ein vestlandskommune i Vestland fylke og er organisert med kulturverksemda som underenhet under offentleg forvaltning, knytt til bransjen offentleg administrasjon for kultur, undervisning og sosial verksemd. Kultursjefsstillinga er organisert under kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø. Kommunen legg i sin samfunnsplan stor vekt på kulturen si rolle i samfunnsutviklinga, mellom anna i møte med omstillingskrav.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 30. august 2026.

Om stillingen

Kinn kommune har høge ambisjonar om å vere ein tydeleg samfunnsutviklar og leverandør av gode tenester. For å gjere dette treng vi dyktige og motiverte leiarar og medarbeidarar. Kommunen sin samfunnsplan gir kultur ei sentral rolle i samfunnsutviklinga og i møte med nye omstillingskrav. Det er no ledig fast stilling som kultursjef. Dette er ei leiarstilling innanfor eit felt der samfunnsutvikling, tenesteproduksjon, samarbeid med frivilligheita, næringsliv, kulturliv, innbyggjarar og internt i kommunen er det sentrale. Stillinga er organisert under kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø.

Kulturområdet har i underkant av 30 årsverk, innan følgjande fagavdelingar: kulturskulen, ungdomsarbeid, bibliotek, kulturhusdrift, og frivilligheit. Fagområda er organisert med kvar sin avdelingsleiar/rektor. I tillegg kjem stabsarbeid/sakshandsaming/idrett.

Det er bestemt at kulturskulen og kulturtenesta skal slås saman til ei teneste, leia av ein kultursjef. Den vedtekne samanslåinga av kulturtenesta og kulturskulen er meint å gje ei meir samordna og kraftfull satsing på kultur i kommunen. Samtidig skal ny organisering ivareta kulturskulen sitt mandat gjennom opplæringslova og kulturlova. Ny kultursjef vil få ansvaret for å sette i verk denne samanslåinga.

Du kan velje kontorstad; Måløy eller Florø. Arbeidsstad er i heile vår flotte kommune. Uansett må du vere innstilt på å tilpasse arbeidskvardagen din, slik at du er der det er behov for dialog med innbyggarar/næringsliv/kulturliv og utøving av leiing. Som kultursjef vil du ha stort handlingsrom til å sette dagsorden for kulturområdet innanfor dei økonomiske og organisatoriske rammene for området.

Arbeidsoppgåver

  • Leie kulturområdet med ansvar for følgjande fagområde/avdelingsleiarar, kulturskulen, bibliotek, kulturhusa, ungdomsarbeid og frivilligheit.
  • Sette dagsorden for den faglege utviklinga og drift innanfor tenesta sine felt.
  • Dialog og samarbeid med frivillige organisasjonar og profesjonelt kulturliv vil vere heilt sentralt.
  • Sette kultur på dagsorden i møte med omstillingskrav og utviklinga av samfunnet som heilskap.
  • Forvaltning av søknadsordningar.
  • Fullføre samanslåingsprosessen mellom kulturtenesta og kulturskulen.
  • Personalleiing.
  • Økonomistyring.
  • Deltaking i leiarnettverk både internt i kommunen og i regionale nettverk innan fagområda.

Kvalifikasjonar

  • Kulturfagleg høgare utdanning frå høgskule/universitet.
  • Erfaring frå offentleg forvaltning, eller annan relevant erfaring.
  • Erfaring frå utviklingsarbeid.
  • Leiarerfaring.

Personlege eigenskapar

Du må

  • vere genuint opptatt av samfunnsutvikling
  • vere opptatt av og innstilt på å arbeide med utvikling og omstilling innanfor tenesta for å tilpasse aktiviteten til endra føresetnadar
  • vere kommunen sitt «ansikt utad» innanfor fagområdet, og det er viktig at du forstår og er bevisst denne rolla
  • som leiar legge til rette for at dine medarbeidarar får rom for utvikling og plass i det offentlege rom
  • vere serviceinnstilt og ha positiv haldning til både publikum og kollegaer
  • ha evne og vilje til å tileigne deg, og dele ny kompetanse
  • vere samarbeidsorientert og ha god evne til å bygge relasjonar internt og eksternt
  • trivst med eit høgt arbeidstempo og kunne jobbe under press

Vi tilbyr

  • å vere ein arbeidsgjevar som ynskjer å leggje til rette for samfunnsutvikling
  • eit godt etablert leiarnettverk med «låg terskel» mellom ulike avdelingar og fagfelt i kommunen
  • godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
  • fleksibel arbeidstid
  • løn etter avtale
  • tilsetting på kommunale vilkår
  • medlemsskap i offentleg pensjonsordning KLP

Kontaktinformasjon

Rolf Bjarne Sund, Kommunalsjef samfunn, kultur og miljø, +47 91710500

Arbeidsstad

Gate 1 64 6700 Måløy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune Referansenr.: 5155544465 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026

Søk på jobben
Søk senest 30.8.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Sjømannsprest/daglig leder i Houston
Sjømannskirken

Sjømannskirken søker fast sjømannsprest/daglig leder til Houston, USA, med oppstart februar 2027.

FastHeltidKultur og kreative yrker
Frist 25.8.2026
Sjømannsprest på Gran Canaria
Sjømannskirken

Sjømannskirken søker fast sjømannsprest på heltid til Gran Canaria, med søknadsfrist 20. august.

FastHeltidKultur og kreative yrker
Frist 20.8.2026
Norsk Skolefoto søker fotografer i Rogaland!
Norsk Skolefoto AS · ROGALAND

Norsk Skolefoto søker 3 fotografer i Rogaland på heltid, engasjement fra august 2026 — ingen fotoerfaring kreves.

EngasjementHeltid3 stillingerKultur og kreative yrker