AllCare Solutions AS, et rekrutteringsselskap, søker 1 barnehagelærer til fast 100 % stilling i Trondheim-området. Frist 15. oktober 2026.
Faglærar og kontaktlærar 1.-10. klasse
Vindafjord Kommune Vikedal Skule · Vindafjord, Rogaland
AI-sammendrag
Om stillingen
Vikedal skule søkjer faglærarar og kontaktlærarar for 1.-10. klasse. Det er ledig 2 faste stillingar på til saman 180 %, i hovudsak på ungdomstrinnet, samt vikariat i til saman 300 % stilling på barne- og ungdomstrinn, totalt 5 stillingar på heltid. Det er særleg behov for undervisningskompetanse i norsk, engelsk og musikk, men andre fag kan òg vere aktuelle. Arbeidsoppgåvene omfattar å planleggje og leie elevane si læring, byggje relasjonar til elevar og føresette, og bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Nyutdanna lærarar får eigen mentor. Arbeidsstad er Vindafjord kommune.
Om arbeidsgjevaren
Vikedal skule er ei underining innan ordinær grunnskoleundervisning, med 38 tilsette. Skulen er ein del av offentleg forvaltning i Vindafjord kommune og tilbyr mellom anna offentleg tenestepensjon og andre tilsettgoder knytt til kommunal drift.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 8. september 2026.
Om stillingen
Vikedal skule sitt målbilete er: "ein god stad å vera, ein god stad å læra". Me veit at den beste læringa skjer når elevane kjenner seg trygge, sett og forstått – og når dei vaksne rundt samarbeider mot same mål. Difor legg me stor vekt på tillit, gode relasjonar og eit inkluderande miljø for både elevar og vaksne.
Me har ledig 2 faste stillingar på til saman 180% i hovudsak på ungdomstrinnet. Me treng og vikarar i til saman 300% stilling på barne- og ungdomstrinn. Me søkjer særleg etter undervisningskompetanse i norsk, engelsk og musikk, men og andre fag kan vere aktuelle.
Søk no, bli ein del av flokken vår i Vikedal og hjelp oss å skapa tryggleik, meistring og læringsglede for elevane våre. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt fellesskap der me løftar kvarandre, deler erfaringar og utviklar praksis saman. Her får du rom til å vera deg sjølv – og til å veksa, både som pedagog og kollega.
Kva får du jobba med hos oss:
- Bidra til eit godt, trygt og inkluderande læringsmiljø.
- Planleggje og leie elevanes læring både i og utanfor klasserommet.
- Byggja gode relasjonar til elevar og føresette.
- Fremje elevane si læring med varierte undervisningsmetodar.
- Rettleie og støtte elevane i leik, sosial utvikling og læring.
- Ta del i eit fellesskap der med lærer, deler og utviklar oss saman.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som gir meistring.
- Engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å komma godt i gong i den nye rolla di. Nyutdanna lærarar vil få eigen mentor.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering.
- For faste tilsette har me moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og komunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Kontaktlærartillegg for dei som tek på seg kontaktlæraransvar.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Godkjent undervisningskompetanse for undervisning og tilsetting i grunnskulen.
- Annen relevant pedagogisk utdanning vil bli vurdert i henhald til opplæringslova og gjeldande hovudtariffavtale.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftsspråket i kommunen er nynorsk.
Dine personlege eigenskapar:
- Elevsentrert: Du møter elevane med respekt, varme og nysgjerrigheit, er open og lyttande, og planlegg for meistring og læring.
- Relasjonsbyggar: Du skapar tryggleik og tillit gjennom omsorg, gode relasjonar og tydelege grenser – både i klasserommet og på arbeidsplassen.
- Lagspelar: Du likar å samarbeida, deler ansvar og bidreg aktivt til eit positivt skule- og arbeidsmiljø.
- Problemløysar: Du tar ansvar, finn løysingar og handterer utfordringar på ein konstruktiv måte.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Universitetet i Bergen lyser ut 1 heltids PhD-stilling (åremål) i digital endokrinologi ved University of Athens, Hellas.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.
Ølensjøen Fus Barnehage i Vindafjord søker barnehagemedarbeider til vikariat i heltidsstilling.
Vindafjord kyrkjelege fellesråd søker kateket/kyrkjelydspedagog i 60 % vikariat fram til juni 2027 i Vindafjord.