WRK Bemanning søker 3 trygge voksne til deltidsoppdrag på barnevernsinstitusjoner i Vestfold.
Vernepleiar - vikariat
Hyllestad Kommune Omsorgstenestene · Hyllestad, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Hyllestad kommune Omsorgstenestene søkjer vernepleiar i eit vikariat på 100 % heltid, med oppstart i august 2026 og varigheit til april 2027. Det er éi stilling ledig, plassert i Hyllestad kommune i Vestland fylke. Arbeidsoppgåvene omfattar å ivareta pasientars behov, følgje opp behandling, medisinering og dokumentasjon, utarbeide tiltaksplanar og bidra til tverrfagleg samarbeid. Det vert nemnt moglegheit for fast tilsetting etter vikariatet.
Om arbeidsgivaren
Hyllestad kommune Helse- og omsorgsleiar er ei offentleg verksemnd innan helse og omsorg, registrert som underenhet til offentleg forvaltning i Hyllestad. Eininga høyrer til bransjen offentleg administrasjon knytt til helsestell og sosial verksemd. Nærare tal for tilsette og økonomi ligg ikkje føre i registerdataa.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 16. august 2026.
Om stillingen
Vi søkjer vikar for vernepleiar til omsorgstenestene frå august 2026 til april 2027.
Kvifor søkje hos oss?
- 100 % stilling
- Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Faglege og personlege utfordringar, opplæring og mentorordning om ønskjeleg
- Tverrfagleg arbeidsfellesskap med høg fagleg og etisk kompetanse
- Moglegheit for fast tilsetting
I tillegg vert du medlem i KLP, ei av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP - Kommune- og Helse-Norges eget pensjonsselskap
Kvifor Hyllestad?
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire - kanskje akkurat deg?
Kommunen har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små. Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjå Hyllestad info
Arbeidsoppgåver
- Ivareta pasientane sine behov, følgje opp tiltak rundt behandling, medisinering og dokumentasjon
- Lage tiltaksplan for pasientar du blir tenesteansvarleg for
- Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
- Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrer vert fulgt
- Bidra til godt samarbeid med brukarar og pårørande
Kvalifikasjonar
- Bachelor som vernepleiar, anna relevant høgskuleutdanning eller fagarbeidar kan bli vurdert
- Gjerne relevant erfaring
- Oppteken av relasjonar og interessert i menneske som har åtferdsutfordringar
- Ha evne til å strukturere og koordinere arbeidet i ein hektisk kvardag
- Gode norskkunnskaper og kommunikasjonsevner
- Medansvar for å fremje eit godt arbeidsmiljø
- Førarkort for personbil
Tilsetting føreset godkjent helseattest (smittevern) og politiattest i samsvar med lovverket. Politiattesten kan ikkje vere eldre enn tre månader og skal leggast fram før tiltreding.
Kontakt
Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos einingsleiar Linn Christin Fløholm.
Om du kjenner at dette engasjerer deg, håpar vi oppriktig at du legg inn ein søknad. Vi ser fram søknaden din.
Relevante lenkjer
- Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar
- Hyllestadinfo
- Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.
Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.
WorkNorway Group AS søker intensivsykepleiere til kortvarige vikariater ved intensivavdeling og akuttmottak i Troms fra august 2026.
Emploi Medic AS søker 4 miljøterapeuter på heltid til forsterket bo- og omsorgstilbud i Finnmark, engasjement med medleverturnus.