Hopp til innhold
Nytt: klientbevegelser for regnskapsførere.Les mer →

Barne- og ungdomsarbeidar (vikariat)

Gulen Kommune · Gulen, Vestland

VikariatHeltidOffentligUtdanningFrist om 7 dager

AI-sammendrag

Om stillingen

Gulen kommune, ved Eivindvik barnehage og skule (avdeling barnehage), søkjer ein barne- og ungdomsarbeidar til eit vikariat i inntil 100% stilling, frå 12.12.2026 til 22.10.2027. Arbeidsstaden er Gulen kommune. Oppgåvene omfattar omsorg og pedagogisk arbeid med borna, deltaking i planlegging, rettleiing og evaluering, og for enkelte stillingar arbeid knytt til einskildborn. Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg, men søkjarar utan godkjend utdanning kan òg vurderast. Gode norskkunnskapar og gyldig politiattest er påkravd.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er knytt til Eivindvik barnehage, ei underining i offentleg forvaltning innanfor bransjen førskuleundervisning og drift av barnehagar. Verksemda har 28 tilsette og held til i Gulen kommune.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 13.10.2026.

Om stillingen

Kjekt vikariat i Gulen kommune

Gulen kommune, for tida ved Eivindvik barnehage og skule (avd. barnehage), har ledig fylgjande:

  • I inntil 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 12.12.2026 - 22.10.2027.

Hjå oss får du ein meiningsfull og variert arbeidskvardag, der leik, læring og gode opplevingar står i sentrum. Vi brukar naturen og nærområdet aktivt i det pedagogiske arbeidet, og dagsturhytta er ein fast og populær turstad for både små og store.

Du vert ein del av eit godt fagmiljø med rom for utvikling, samarbeid og nye idear. Barnehagane i Gulen kommune tilbyr:

  • fokus på fagleg utvikling og erfaringsdeling
  • små og oversiktlege barnehagar, også godt eigna for nyutdanna
  • eit godt arbeidsmiljø
  • rettleiing og støtte i arbeidet
  • nettverkssamarbeid mellom tilsette i barnehagane i kommunen

Velkomen som søkjar!

Arbeidsoppgåver

  • Medverke til at barnehagen og skulen er ei god pedagogisk verksemd
  • Medansvar for tilbyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
  • Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
  • Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonskrav

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjend utdanning kan verte vurderte
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding
  • Erfaring frå arbeid i barnehage eller med barn og unge er ønskjeleg
  • Interesse for friluftsliv og for å bruke naturen aktivt i det pedagogiske arbeidet er ein fordel
  • Kjennskap til rammeplanen for barnehagen er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med borna
  • Fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Søk på jobben
Søk senest 13.10.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Fosterhjem og spesialiserte fosterhjem
Omsorgsgruppen AS · ØSTFOLD

Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.

EngasjementHeltid5 stillingerUtdanning
Barnehagelærer
Melløsparken barnehage SA · MOSS, ØSTFOLD
VikariatHeltidUtdanning