Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Prosjektleiar for Rocket-Man og Aktivitetsguide

Sogndal Kommune Ungdomsavdelinga · Sogndal, Vestland

ProsjektHeltidOffentligNatur og miljøFrist 7.12.2026

Annonsetekst

Vil du bidra til at fleire barn og unge får oppleve meistring, inkludering og fellesskap gjennom meiningsfulle fritidsaktivitetar?

Sogndal kommune ønskjer å styrkje arbeidet med inkludering og deltaking i fritidsaktivitetar for barn og unge. Me søkjer ein engasjert og initiativrik prosjektleiar som vil vere med å vidareutvikle og koordinere tilboda Rocket-Man og Aktivitetsguide i heile kommunen.

Stillinga er ei 100 % prosjektstilling frå 1. januar 2027 til og med 31. desember 2027, med moglegheit for forlenging. Tilsetjing er med atterhald om at Sogndal kommune får innvilga tilskotsmidlar frå Bufdir.

Arbeidsoppgåver

  • Leie, koordinere og vidareutvikle Rocket-Man og Aktivitetsguide.
  • Rekruttere, følgje opp og rettleie aktivitetsguidar.
  • Støtte barn, unge og familiar i å finne og delta i fritidsaktivitetar.
  • Byggje gode relasjonar og samarbeide med skular, føresette, frivillige lag og organisasjonar.
  • Arbeide aktivt for inkludering av barn og unge som står i fare for å falle utanfor fritidsfellesskapet.
  • Samarbeide tverrfagleg og bidra til utvikling av gode og heilskaplege tilbod.
  • Ha ansvar for administrasjon, økonomi, søknadsskriving, dokumentasjon og rapportering.
  • Delta på aktivitetar og arrangement. Arbeid på dagtid, kveld og helg må påreknast.

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan helse, sosialfag, pedagogikk, idrettsfag eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar.
  • Erfaring frå inkluderingsarbeid, prosjektleiing og tverrfagleg samarbeid er ein fordel
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Førarkort klasse B.
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som er trygg, engasjert og god til å byggje relasjonar. Du arbeider sjølvstendig og strukturert, tek initiativ og har eit sterkt engasjement for barn og unge. Du er god til å skape tillit, motivere andre og finne løysingar i samarbeid med ulike fagmiljø.

Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt.

Me tilbyr

  • Ei meiningsfull prosjektstilling der du får bidra til å gjere ein forskjell.
  • Moglegheit til å utvikle viktige tiltak for inkludering og deltaking.
  • Eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Fleksibel arbeidstid og høve til kompetanseutvikling.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter tariff.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Dersom du har bede om unntak, vil du bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.

Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 7.12.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Naturforvalter/biolog søkes
Bioreg Natur og Miljø AS · TRØNDELAG

Bioreg Natur og Miljø AS i Trøndelag søker én naturforvalter/biolog på heltid, fast ansettelse.

FastHeltidNatur og miljø
Anleggsgartner med fagbrev
Anleggsgartner Arnesen As · AKERSHUS

Anleggsgartner Arnesen AS i Akershus søker 1 anleggsgartner med fagbrev på heltid, fast ansettelse.

FastHeltidNatur og miljø
Frist 30.11.2026
Landbruksrådgjevar
Sogndal kommune Landbruk · SOGNDAL, VESTLAND

Sogndal kommune søker 1 landbruksrådgiver i årsvikariat på heltid, med forvaltning, tilskudd og rådgivning for bønder i Sogn.

VikariatHeltidNatur og miljø
Frist 6.12.2026
Sogndal Kommune Ungdomsavdelinga
Frist 7.12.2026
Søk på stillingen →