Lærar - vikariat ved Giske skule
Giske Kommune · Giske, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Giske skule lyser ut eit vikariat som lærar i 100 % stilling med kontaktlæraransvar for skuleåret 2026/2027. Stillinga gjeld undervisning på barnetrinnet (1.–7. trinn). Det krevst grunnskulelærarutdanning 1–7, men søkjarar med 5–10-utdanning kan også vurdere å søkje. Arbeidsstad er Giske i Møre og Romsdal.
Om arbeidsgivaren
Giske skule er ein barneskule (1.–7. trinn) med om lag 90 elevar og i underkant av 40 elevar i SFO. Skulen er registrert som underenhet til offentleg forvaltning innanfor ordinær grunnskoleundervisning, med 30 tilsette. Verksemda er ein del av Giske kommune.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 17. juni 2026. Dokumentasjon på utdanning skal leggjast ved søknaden, og det krevst gyldig politiattest av ny dato.
Om stillingen
Giske skule har ledig vikariat i 100 % stilling som lærar med kontaktlæraransvar skuleåret 2026/2027.
Visjonen for ein oppvekst i Giske kommune er «Det var bra eg kom» med utgangspunkt i barnet si erfaring i møte med barnehage og skule. Giske skule sin visjonen - «Ein god stad å vekse», er grunnmuren i alt vi gjer – for både elevar og vaksne. Vi legg vekt på samarbeid, nysgjerrigheit, utvikling og rausheit, og saman skapar vi eit inkluderande miljø der alle får moglegheit til å vekse, både sosialt og fagleg. Giske skule er ein 1.–7. skule med om lag 90 elevar og med i underkant av 40 elevar i SFO. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning på barnetrinnet. Kontaktlærarfunksjon følgjer stillinga.
Kvalifikasjonar
- Grunnskulelærarutdanning 1-7, men 5-10 kan også søkje.
- Kompetanse i klasseleiing.
- Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
- God digital kompetanse.
Personlege eigenskapar
- Du har fagleg og personleg tryggheit.
- Du har vilje til tett og konstruktivt samarbeid med elevar, kollegaer og foresatte om meistring, læring og trivsel.
- Du har eit stort hjarte for barn og trivst med å byggje gode relasjonar.
- Du er strukturert, engasjert og løysingsorientert.
- Du har god digital kompetanse og formidlingsevne.
Vi tilbyr
- Ein spennande jobb der du kan utgjere ein forskjell for mange barn.
- Eit engasjert og positivt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Sunniva Åkernes Kvalsund, einingsleiar/rektor, +47 47285282
Arbeidsstad
Skulevegen 6052 Giske
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5140499292 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 17.06.2026
Lignende stillinger
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.