Helse Bergen (Haukeland universitetssjukehus) søker genetisk rettleiar i fast heltidsstilling ved Avdeling for medisinsk genetikk i Bergen.
Bli kokken som set smak på helsa!
Drift/teknisk Divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF · Bergen, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Hospitaldrift Matforsyning ved Haukeland universitetssjukehus søker kokk til fast stilling i 100% heltid. Arbeidsoppgåvene omfattar produksjon av nøkkelrådskost og spesialkost, tilrettelegging og oppveging av råvarer, drift av produksjonslinje, samt pakking og distribusjon av måltid til interne og eksterne kundar. Stillinga krev fagbrev som kokk, gode norskkunnskapar og erfaring frå institusjonskjøkken er ein fordel. Arbeidsstad er Bergen.
Om arbeidsgiveren
Stillinga er knytt til Helse Bergen HF, som driv somatiske sykehustjenester og er ei underenhet til næringsdrivende og offentleg forvaltning med rundt 9 580 tilsette totalt. Matforsyning, eininga stillinga tilhøyrer, har om lag 160 tilsette og produserer dagleg rundt 2 700 porsjonar mat til pasientar, pårørande og tilsette. Eininga er ein del av Hospitaldrift, ei avdeling med om lag 700 medarbeidarar fordelt på sju einingar, og forvaltar eit betydeleg driftsbudsjett. Dette gir eit bilde av ein stor og fagleg solid kjøkkenorganisasjon innanfor ein av landets største offentlege helseinstitusjonar.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 30.08.2026.
Annonsetekst
Vil du lage mat som betyr noko – kvar einaste dag?
Hospitaldrift Matforsyning ved Haukeland universitetssjukehus er eit av Noregs største produksjonskjøkken. Kvar dag lagar vi rundt 2 700 porsjonar til pasientar, pårørande og tilsette – mat som både skal gi energi, tryggleik og ei god oppleving i ein viktig fase av livet.
Som kokk hos oss blir du ein del av eit solid fagmiljø og eit inkluderande arbeidsmiljø med høg kompetanse. Du får moglegheit til å bruke fagkunnskapen din aktivt, bidra med nye idear og vere med på å utvikle produkt og løysingar som er tilpassa kjøkkenet sin logistikk og produksjonsmetodar, der kvalitet, smak og ernæring står sentralt.
Vi ser etter deg som er engasjert, samarbeidsorientert og har stoltheit i faget ditt. Du blir motivert av å jobbe i team og ønsker å vere med på å styrke mattilbodet og skape gode måltidsopplevingar for pasientane våre
Om oss Hospitaldrift er ei avdeling med rundt 700 medarbeidarar fordelt på sju einingar. Matforsyning har ca. 160 tilsette og forvaltar eit betydeleg driftsbudsjett. Vi arbeider målretta med kvalitet, matglede og vidareutvikling av konseptet “Mat som medisin”, som er eitt av føretaket sine strategiske satsingsområde. Eininga har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggande kommunar.
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.
Arbeidsoppgåver
- Produksjon av nøkkelrådskost og ulike typar spesialkost
- Tilrettelegging og oppveging av råvarer
- Drift av produksjonslinje, inkludert oppstart og innstilling av utstyr
- Pakking- og distribusjon av måltid til interne og eksterne kundar
- Andre varierte oppgåver som naturleg høyrer kjøkkendrift til
Her får du jobbe i eit moderne storkjøkkenmiljø med høg fagkompetanse og tydelege rutinar – og du blir del av eit team som har stoltheit i faget.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som kokk
- Erfaring frå institusjonskjøkken ein fordel, men ikkje eit krav
- grunnleggande datakunnskap
- Kjennskap til IK-mat og HMS
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg(må kunne dokumenterast)
Personlege eigenskapar
- Har god orden og trivst med struktur
- Kan jobbe både sjølvstendig og i team
- Er fleksibel og handterer hektiske periodar på ein god måte
- Er fagleg engasjert og likar å bidra til kvalitet og utvikling
- Jobbar effektivt, planmessig – og tåler fysisk arbeid
Vi tilbyr
- Ein trygg, stabil og meiningsfull arbeidsplass
- Eit triveleg miljø i ein stor og fagleg sterk kjøkkenorganisasjon
- Moglegheit til å bidra i eit viktig arbeid der mat er ein del av behandlinga
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Jarle Egeland, Seksjonsleiar, Jarle.egeland@Helse-Bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22 5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5150853304 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026
Flere stillinger hos Drift/teknisk Divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF
Energisenteret for barn og unge ved Helse Bergen søker 2 energiverter i faste 12 %-stillinger, kveld og helg, i Bergen.
Helse Bergen HF søker overlege i hyperbarmedisin på Haukeland, 100 % fast stilling i Bergen.
Helse Bergen HF søker 3 assistenter/fagarbeidere til Tekstilforsyning i Bergen, faste heltidsstillinger.
Helse Bergen HF (Haukeland) søker 1 ph.d.-stipendiat til rus- og traumeforskning i Bergen, heltid, 3-årig engasjement.
API og MCPGET /company/974557746/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/974557746/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 28,
"hits": [
{
"uuid": "3c11a27d-5f79-4d88-a436-9c38261fa5f5",
"title": "Genetisk rettleiar ",
"municipal": "BERGEN",
"application_due": "2026-12-11 00:00:00+00",
…
},
{
"uuid": "431e2d12-de50-498a-ae3d-8bf106c56a43",
"title": "Energivert/aktivitør i 12% turnusstilling kveld/helg",
"municipal": "BERGEN",
"application_due": "2026-12-09 00:00:00+00",
…
},
…
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "974557746" })Spør AI-assistenten
Hvilke andre stillinger lyser Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus ut nå?
Hva er søknadsfristen for «Bli kokken som set smak på helsa! » hos Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus?
Ansetter Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus flere i Bergen nå?
Lignende stillinger
Espresso House i Oslo søker 1 barista som tilkallingsvikar på deltid, midlertidig vikariat uten fast stillingsprosent.
Peppes Pizza Skøyen i Oslo søker daglig leder til én heltidsstilling, fast ansettelse, med personal- og driftsansvar for restauranten.
DP Norway AS (Domino's Åsane) i Bergen søker 2 medarbeidere til deltid, fast ansettelse, innen pizzaproduksjon og levering.
Personalhuset søker 10 medarbeidere til kantine og renhold i Bergen, fast ansettelse på deltid.
Karri&kveld AS i Bergen søker 1 erfaren kokk innen indisk mat på heltid, fast ansettelse.
Coor i Bergen søker én kantinemedarbeider på heltid i et engasjement (tidsbegrenset), med arbeidstid mandag–fredag og oppstart snarest.