Hopp til innhold
Nytt: klientbevegelser for regnskapsførere.Les mer →

Helsefagarbeidar - fast stilling på natt

Eidet Omsorgssenter Avd 2, Haram Kommune · Haram, Møre Og Romsdal

FastDeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Eidet Omsorgssenter Avd 2, Haram Kommune.

AI-sammendrag

Om stillingen

Haram kommune søker ein helsefagarbeidar i fast 65 % stilling ved Eidet Omsorgssenter, avdeling 2, i Tennfjord i Haram kommune. Stillinga er knytt til nattevakter i turnus, med arbeid kvar 3. helg. Planlagt startdato er 1. september 2026.

Hovedoppgåver er helsefagleg stell og omsorg for sjukeheimspasientar, tverrfagleg samarbeid, dokumentasjon, fagutvikling samt rettleiing av medarbeidarar og studentar. Det vert kravd fagbrev som helsefagarbeidar og gode norskferdigheiter, samt politiattest ikkje eldre enn 3 månader.

Om arbeidsgiveren

Eidet Omsorgssenter er ein offentleg underverksemd i Haram kommune med 107 tilsette, og driv i bransjen for sjukeheimtenester. Omsorgssenteret er organisert under Haram omsorgstenester, som òg inkluderer Haram omsorgssenter, fleire heimetenesedistrikt og dagsentertilbod for eldre. Senteret ligg i Tennfjord, om lag 20 minutt med bil frå Moa, i eit moderne bygg med utsikt over fjord og fjell.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 27. juli 2026.

Om stillingen

Haram kommune søker etter helsefagarbeidar i ca. 65% fast stilling, for tida ved Eidet Omsorgssenter i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på natt, med arbeid kvar 3. helg.

Eidet Omsorgssenter har eit tett samarbeid på tvers av dei 2 avdelingane på omsorgssenteret, særleg på natt. Vi er open for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi ønsker å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Vi har fokus på gode måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde med mykje sol. Her nyt vi utsikt utover fjord og fjell, frå eit fint og moderne bygg. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa.

Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenester.

Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønsker å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

  • Helsefaglege oppgåver.
  • Omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientane.
  • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
  • Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som helsefagarbeidar.
  • Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg.
  • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Personlege eigenskapar

  • I Haram kommune ønsker vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Godt humør og positiv framtoning.
  • Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer
  • Eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme.

Vi tilbyr

  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver.
  • Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på.
  • Gode turnustekniske løysingar.
  • Løn etter tariff.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Malin Vatnehagen Stokke, Avdelingsleiar, avdeling 2, 45500844, malin.vatnehagen.stokke@haram.kommune.no Maria Nordbø Solevåg, Avdeligsleiar, avdeling 1, 91004986, Maria.Nordbo.Solevag@haram.kommune.no Camilla Walderhaug Lundberg, Konstituert avdelingsleiar, HT, 47516769, camilla.walderhaug.lundberg@haram.kommune.no Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Trolldalssletta 12 6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5150747899 Stillingsprosent: 65% Fast Startdato: 01.09.2026 Søknadsfrist: 27.07.2026

Lignende stillinger

Fastlegevikariater i Innlandet
Dignus Medical · INNLANDET

Dignus Medical søker 1 allmennlege til fastlegevikariat på heltid i Innlandet, med dekket reise og bolig.

VikariatHeltidHelse og sosial