Tyssedal barneskole i Ullensvang søker ringevikar/lærarvikar, 1 vikariat på heltid. Frist 31. desember 2026.
100% stilling som lærar ved Tyssedal barneskole
Ullensvang Kommune Tyssedal Barneskule · Ullensvang, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Tyssedal barneskole søker 1 lærar i fast, 100 % stilling (heltid) i Ullensvang kommune. Læraren skal planlegge og gjennomføre tilpassa undervisning for aldersblanda elevgrupper i 1.–7. klasse, og bruke uteskule, nærmiljø og praktiske læringsformer som ein integrert del av undervisninga. Andre oppgåver er tverrfaglege prosjekt, felles turar, oppfølging av enkeltelevar, undervegsvurdering, dialog med føresette og utviklingssamtalar. Du skal samarbeide med kollegaer, leiing og eksterne instansar som PPT og helsesjukepleiar, og delta i friminuttinspeksjon.
Krav er godkjend grunnskulelærarutdanning (1.–7. eller 5.–10. trinn). Anna relevant pedagogisk utdanning kan vurderast, og søkjarar som er i innspurten av utdanninga kan òg søke. Erfaring frå aldersblanda undervisning er ein fordel, men ikkje eit krav. Politiattest må leggjast fram.
Stillinga gjeld etter ein kollega som går av med pensjon. Tilbodet inkluderer løn etter hovudtariffavtalen, gode permisjons- og pensjonsvilkår og støtte til kompetanseheving. Ullensvang er omfatta av ordninga for sletting av utdanningsgjeld, med inntil 25 000 kroner i året for dei som er busette og yrkesaktive i kommunen.
Om arbeidsgiveren
Tyssedal barneskole er ei undereining av Ullensvang kommune i bransjen ordinær grunnskoleundervisning, og har 15 tilsette. Skulen er ein fådelt skule med 43 elevar, der trivsel, gode relasjonar og aktiv læring står sentralt. Uteskule er ein viktig del av kvardagen, med gapahuk i nærleiken og eigen kjøkkenhage. Dette er eit lite og nært arbeidsmiljø i offentleg sektor. Det er ikkje oppgitt regnskapstal for skulen.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 8. november 2026. Namn på søkjarar er i utgangspunktet offentlege etter offentleglova.
Annonsetekst
Arbeidsstad: Tyssedal barneskole
Tyssedal barneskule er ein fådelt skule med 43 elever, der trivsel, gode relasjonar og aktiv læring står i sentrum. Uteskule er ein viktig del av kvardagen vår, og vi bruker flittig gapahuken i nærleiken, der vi og har vår eigen kjøkkenhage. Gjennom tverrfaglege prosjekt, felles turar og aktivitetar på tvers av trinn skapar vi eit godt miljø, der alle elevane blir sett. No når ein av våre gode kollegaer går av med pensjon, søkjer vi etter ein engasjert og fleksibel lærar som trivst med aldersblanda undervisning.
Arbeidsoppgåver:
- Planlegge og gjennomføre tilpassa undervisning for aldersblanda elevgrupper i 1.–7. klasse.
- Bruke uteskule, nærmiljø og praktiske/aktive læringsformer som ein integrert del av undervisninga.
- Planlegge og gjennomføre tverrfaglege prosjekt, felles turar og aktivitetar på tvers av fag og klassetrinn.
- Skape eit trygt og inkluderande klassemiljø, følgje opp enkeltelevar og gjennomføre undervegsvurdering.
- Ha jevnleg dialog med føresette og gjennomføre utviklingssamtalar.
- Samarbeide tett med kollegaer, leiing og eksterne instansar (som PPT og helsesjukepleiar).
- Delta i friminuttinspeksjon og andre fellesoppgåver ved skulen.
Kvalifikasjonskrav:
- Godkjend grunnskulelærarutdanning (1.–7. eller 5.–10. trinn). Anna relevant pedagogisk utdanning eller høgare utdanning kan også vurderast.
- Søkjarar som er i innspurten av sin pedagogiske utdanning opnast det og for.
- Erfaring frå aldersblanda undervisning er ein fordel, men ikkje eit krav, du vil få god opplæring og støtte hjå oss.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Gode digitale ferdigheiter
- Gode relasjons ferdigheiter
Personlege eigenskapar:
- Du har eit varmt elevsyn og evnar å byggje trygge relasjonar med barn.
- Du er ein tydeleg og trygg klasseleiar.
- Du er fleksibel, løysingsorientert og trivst med varierte kvardagar.
- Du har gode samarbeidsevner og bidreg positivt inn i eit lite og nært arbeidsmiljø.
Me tilbyr:
- Kjekke elevar og kollegaer.
- Varierte arbeidsoppgåver i eit trygt og inkluderande miljø.
- Spennande arbeid med høve til å utgjere ein stor skilnad.
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen.
- Løn etter hovudtariffavtalen.
- Gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
- Politiattest jfr gjeldande lov
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Flere stillinger hos Ullensvang Kommune Tyssedal Barneskule
API og MCPGET /company/975281728/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/975281728/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 1,
"hits": [
{
"uuid": "3c00b066-ced0-4654-96a1-2f423635162c",
"title": "Ringevikar ved Tyssedal barneskole",
"municipal": "ULLENSVANG",
"application_due": "2026-12-31 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "975281728" })Spør AI-assistenten
Hva er søknadsfristen for «100% stilling som lærar ved Tyssedal barneskole» hos Tyssedal Barneskole?
Ansetter Tyssedal Barneskole flere i Ullensvang nå?
Hvilke andre stillinger lyser Tyssedal Barneskole ut nå?
Lignende stillinger
Norskling i Oslo søker norsklærer med polskkompetanse til frilansoppdrag på deltid, undervisning via Zoom på hjemmekontor.
Hvam videregående skole i Nes søker spansklærer i ca. 50 % vikariat fra januar til juni 2027.
Mobarn Øverland Barnehage i Molde søker pedagogisk leder i 100 % fast stilling.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.