Vikariat helsefagarbeidar i Heimetenesta
Sveio Kommune · Sveio, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Sveio kommune søkjer helsefagarbeidar til eit 95 % vikariat i heimetenesta, med start frå dags dato og varigheit til og med 15.08.2027. Stillinga inneber varierte og heilskaplege omsorgsoppgåver: personleg hygiene, forflytting og trening, førebyggjande og behandlande tiltak, samt dokumentasjon i elektronisk pasientjournal. Arbeidet skjer etter kvardagsrehabiliteringsprinsipp, med fokus på tryggleik og meistring hos brukarane. Krav er autorisasjon som helsefagarbeidar og tilfredsstillande politiattest; erfaring frå heimetenesta er ønskjeleg. Arbeidsstad er Sveio kommune.
Om arbeidsgjevaren
Arbeidsgjevar er Heimetenestene i Sveio, ein underdel av kommunal forvaltning innan sjukepleietenester og andre helsetenester i heimen, med 59 tilsette. Verksemda tilbyr faste fagdagar, årsturnus over 52 veker, kommunale tilsetjingsvilkår, offentleg pensjonsordning og bedriftshelseteneste.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 17.08.2026.
Annonsetekst
Om stillinga
Er du helsefagarbeidar og lurer på om heimetenesta i Sveio kan vere noko for deg?
Vert du motivert av varierte arbeidsoppgåver og spennande kvardagar, og trivst du med å utfordre deg sjølv og stadig lære noko nytt?
Då kan du bli ein del av ei arbeidsgruppe som brenn for å sjå den enkelte pasienten. Me søkjer etter deg som ønskjer å utgjere ein forskjell i andre menneske sine liv, og som har høg yrkesstoltheit og arbeider etter kvardagsrehabiliteringsprinsipp, men som òg er medviten om å gje menneske ein verdig slutt på livet.
I tillegg til ein variert og meiningsfull arbeidskvardag får du dei kjekkaste kollegaene med det beste humøret på Haugalandet. Me er kjende for å ha det kjekt på jobb, kose oss når me har høve til det, men òg strekkje oss langt for å hjelpe kvarandre når det trengst.
Me har ledig eit vikariat i 95 % frå dags dato til og med 15.08.2027
Arbeidsoppgåver
- Varierte oppgåver og stor breidde i behandlinga
- Vere ein pådrivar for å leggje til rette for, og bidra til, at brukarane opplever tryggleik og meistring
- Gje heilskapleg omsorg, inkludert personleg hygiene, påkleding, forflytting og trening
- Setje i verk førebyggjande og behandlande tiltak innan eige ansvars- og kompetanseområde
- Planleggje og gjennomføre målretta tiltak og aktivitetar for å fremje pasienten si meistringskjensle og livskvalitet
- Bruke elektronisk pasientjournal og dokumentere forhold ved pasienten og kva helsehjelp som blir gjeven
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
- Erfaring frå arbeid i heimetenesta er ønskjeleg
- Tilfredsstillande politiattest i tråd med gjeldande lovverk
- Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, les og skriv så godt norsk at du kan samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig
Personlege eigenskapar
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Er lojal, punktleg og pliktoppfyllande
- Har fokus på kvalitet i tenesta
- Har gode haldningar og verdiar som set pasientane i sentrum
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein god læreplass for elevar og studentar
Vi tilbyr
- Faste fagdagar og fagmøte
- Årsturnus over 52 veker med planlagd ferie, høgtid og helgearbeid
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- God offentleg pensjonsordning
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Kommunale bilar
- Bedriftshelseteneste
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker 1 sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, heltid, fra 30. november 2026 til 15. januar 2027.
Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.
Nordlys Vikar søker 1 lege til vikariat på heltid ved et fastlegekontor nær Lofoten, oppstart uke 48.