Bibliotekkonsulent - 100% fast stilling
Kultur, Sykkylven Kommune · Sykkylven, Møre Og Romsdal
Om stillingen
Vår kjære kollega gjennom mange år pensjonerer seg og Sykkylven bibliotek har difor behov for ein ny bibliotekkonsulent i 100% fast stilling frå november.
Biblioteket er sentralt plassert i Aure sentrum i Sykkylven. Lokala sto ferdig i 2023 og er tilpassa moderne bibliotekdrift.
Arbeidsdagane er varierte, med fleire ulike arbeidsoppgåver. Arbeidstidene er hovudsakleg faste, men kan variere ved arrangement.
Arbeidsoppgåver
- Publikumsbetening i skranken
- Formidling og utstillingar
- Administrative oppgåver
- Oppgåver knytt til utstyrssentral
- Behandling av bokbestand
- Ansvar for lokalhistorisk samling
- Fakturering og erstatningskrav
- Handtering og opplæring i digitale bibliotekverktøy
- Andre oppgåver vil kunne leggjast til stillinga
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring frå biblioteksektoren
- Gjerne erfaring med biblioteksystemet Cicero
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode digitale kunnskapar
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Du må kunne nytte nynorsk
- Gode engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Trivs med formidling både fysisk og digitalt
- Ha gjennomføringsevne og vere "sjølvgåande"
- Like å møte og gi service til bibliotekbrukarar i alle aldersgrupper
- Takle både kreative aktivitetar og rutinearbeid
- Utadvent, omgjengeleg og serviceinnstilt
- Initiativrik, nøyaktig og fleksibel
Vi tilbyr
- Ein framtidsretta arbeidsplass med spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Mogelegheit til å bidra til å løyse kommuna sitt viktige samfunnsoppdrag
- Lønn etter kommunalt regulativ
- God pensjonsordning gjennom KLP
Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. Vitnemål og attestar Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
Kontaktinformasjon
Helen Seth, Biblioteksjef, 46940185, helen.seth@sykkylven.kommune.no Halstein Kurseth, Kultursjef, 41605528, halstein.kurseth@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Pilgata 10 6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5177089755 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 02.11.2026 Søknadsfrist: 27.09.2026
Lignende stillinger
Norddalen søker journalist i Sel til vikariat (1. jan–20. aug) i heltidsstilling ved lokalavisen.