Nes videregående skole i Akershus søker vikarlærer (60 %) i engelsk og historie fra 7. september til 31. desember 2026.
Vassenden skule har ledige stillingar
Sunnfjord Kommune Vassenden Skule · Sunnfjord, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Vassenden skule lyser ut 3 ledige stillingar som barne- og ungdomsarbeidar/assistent. Stillingane er ei blanding av fast og vikariat, alle på deltid: ei 89 % fast stilling med oppstart 4. oktober 2026 (arbeid i både skule og SFO), eit 30 % årsvikariat hovudsakleg på ungdomsskulen (måndag, onsdag og fredag), og eit 16 % årsvikariat i SFO (måndag og onsdag etter kl. 12.00). Arbeidsstad er Sunnfjord kommune i Vestland. Stillingane følger skuleåret, men det kan bli aktuelt med arbeid i delar av skuleferiane på SFO.
Hovedoppgåvene er oppfølging av elevar med spesielle behov, inkludert sosial trening, åtferdsstøtte og læringsstimulering, samt planlegging og gjennomføring av aktivitetar for barnegrupper ute og inne. Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskeleg, men ikkje eit krav — anna relevant utdanning eller praksis vert vurdert.
Om arbeidsgivaren
Vassenden skule er ein 1–10-skule med eiga SFO-avdeling i Sunnfjord kommune, organisert som underenhet til offentleg forvaltning. Skulen har 55 tilsette og driv innanfor ordinær grunnskoleundervisning. Skulen har nye bygg og idrettshall, og legg vekt på inkluderande praksis gjennom PALS, fysisk aktiv læring og aktiv bruk av lokalmiljøet.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 1. august 2026. Politiattest må leverast før oppstart.
Om stillingen
Vassenden skule er ein 1-10 skule med eiga SFO- avdeling. Vi satsar på PALS som verktøy for inkluderande praksis, vurdering, byrjaropplæring, tverrfagleg undervisning, og fysisk aktiv læring (FAL) i alle klassar. Vi har nye skulebygg, idrettshall og godt skule- og arbeidsmiljø. Vi er opptatt av aktiv bruk av lokalmiljøet i både undervisninga vår og i arbeidet på SFO.
Vi har følgande ledige stillingar som barne- og ungdomsarbeidar/assistent:
- 89 % fast stilling frå 4. oktober 2026, med arbeid i skule og SFO
- 30 % årsvikariat. Hovudsakleg arbeid på ungdomsskule, med arbeid måndag, onsdag og fredag.
- 16 % årsvikariat i SFO, med arbeidstid måndag og onsdag etter kl. 12.00
Tilsetting skjer med atterhald om fortrinnsrett for kvalifiserte søkarar i kommunen.
Krav til søkar:
- ønske om fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men ikkje eit krav
- anna relevant utdanning og/eller relevant praksis kan verte vurdert
- gode norskkunnskapar munnleg og skrifteleg
- kunne ta del i fysisk aktivitet på elevane sitt aktivitetsnivå
- må ha interesse for fysisk aktivitet, friluftsliv og kroppsøving
Vi søker deg som:
- likar å arbeide med barn, legge til rette for inkludering og læring i skule og SFO
- har erfaring frå arbeid med ulike elevar/elevgrupper med spesielle behov
- kan arbeide sjølvstendig og systematisk og ha gode samarbeidsevner
- er fleksibel og engasjert
- er ein tydeleg og trygg vaksen med god relasjonskompetanse
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi oppmodar menn til å søke på grunn av balanse i kjønnsfordeling.
Generelt for stillingane:
- stillingane inneber oppfølging av elevar med spesielle behov, som t.d. sosial trening, åtferdsstøtte og stimulering til læring
- planlegging og gjennomføring av aktivitetar for barnegrupper, ute og inne
- det kan bli aktuelt å jobbe i delar av skulen sine feriar på SFO
- Stillingane følger skuleåret
Vi tilbyr:
- arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
- spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver med stor variasjonsbredde
- godt fagleg og sosialt miljø
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- god pensjonsordningar- og forsikringsordning
Du søker elektronisk. Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju og referansar vert innhenta.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Nes videregående skole i Akershus søker vikar i norsk, 70 % deltid, fra 7. september til 31. desember 2026.
Nes videregående skole i Akershus søker 4 tilkallingsvikarer i deltidsvikariat til studieforberedende utdanningsprogram.
Ekspertundervisning søker 3 privatlærere i realfag til frilansoppdrag på heltid i Oslo.
Fagskolen Viken søker fast praksiskoordinator for helse og oppvekst på heltid — arbeidssted Fredrikstad, Kjeller eller Kongsberg.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.