Overlege
Ungdomspost Psykisk Helsevern, Helse Førde · Sunnfjord, Vestland
Annonsetekst
Ungdomspost psykisk helsevern (UPH) har ledig fast stilling for overlege frå april 2027.
Avdeling for psykisk helsevern for barn og unge er organisert i fire seksjonar: ein sengepost og tre poliklinikkar. UPH er lokalisert i Støabygget i Førde og er ein del av eit stort og tverrfagleg fagmiljø innan psykisk helsevern.
UPH dekkjer ei barne- og ungdomsbefolkning på om lag 12 200 fordelte på åtte kommunar. Vi har spesialistar innan alle profesjonar og dei fleste fagområde, mange med lang erfaring frå feltet. Dette gjev eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Utgreie, diagnostisere og behandle psykiske lidingar hos barn og unge
- Samarbeide med førstelinja og andre i spesialisthelsetenesta om eit heilskapleg helsetilbod
- Deltaking i interne og eksterne møter, undervisning, fagutvikling, rettleiing og anna organisatorisk arbeid
- Overlege inngår for tida i 5-delt bakvaktordning for Psykisk helsevern for barn og unge
- Arbeid for poliklinikk kan påreknast
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som spesialist i barne- og ungdomspsykiatri
- LIS som har kome langt i spesialiseringsløpet kan òg bli vurdert
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Gode evner til å møte barn, unge og foreldre slik at dei opplever seg sett og forstått
- Gode evner til å samarbeide med andre på ein likeverdig og respektfull måte
- Fagleg interesse og tydeleg engasjement, med ønskje om å vere med og utvikle behandlingstilbodet vidare
- Gode evner til å arbeide strukturert og målretta, og har høg arbeidskapasitet
- Trivast i eit aktivt miljø og tverrfagleg team
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit godt og ivaretakande arbeidsmiljø
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Det vert lagt til rette for fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Frank Roger Kalstad, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 786
Arbeidssted
Svanehaugvegen 7 6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5205422390 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.11.2026
Flere stillinger hos Ungdomspost Psykisk Helsevern, Helse Førde
API og MCPGET /company/974744570/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/974744570/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 21,
"hits": [
{
"uuid": "25047267-6a41-4f4c-abc6-7e7219d55939",
"title": "Lege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering",
"municipal": "SUNNFJORD",
"application_due": "2026-11-23 00:00:00+00",
…
},
{
"uuid": "6af94277-d8d2-4ec4-a811-62d419140470",
"title": "Overlege ",
"municipal": "SUNNFJORD",
"application_due": "2026-11-30 00:00:00+00",
…
},
…
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "974744570" })Spør AI-assistenten
Hva er søknadsfristen for «Overlege » hos Helse Førde HF Førde Sentralsjukehus?
Ansetter Helse Førde HF Førde Sentralsjukehus flere i Sunnfjord nå?
Hvilke typer roller ansetter Helse Førde HF Førde Sentralsjukehus i akkurat nå?