Helsefagarbeidar/sjukepleiar 2.gongs utlysning
Sande Kommune · Sande (møre Og Romsdal), Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Sandetun omsorgssenter i Sande kommune lyser ut fast stilling som helsefagarbeidar eller sjukepleiar på natt, med 80 % stillingsprosent. I tillegg finnes et vikariat på 100 %. Oppstart etter avtale, med arbeid kvar andre eller tredje helg. Arbeidsstedet er Sande i Møre og Romsdal.
Hovedoppgåvene er nattlig tilsyn, observasjon og medisinsk/pleiefagleg oppfølging av pasientar, dokumentasjon og rettleiing av anna helsepersonell. Sandetun har to avdelingar: Tingstova (somatisk sjukeheimsavdeling med langtids- og korttidsplassar, KAD og avlastning) og Solsida (langtidsplassar for personar med demensdiagnosar).
Om arbeidsgivaren
Sande kommune er ein offentleg forvaltningseining med ansvar for helse- og omsorgstenester i Sande, Møre og Romsdal. Stillinga er knytt til Sektor for helse og omsorg, som er organisert under kommunen. Kommunen er klassifisert i kommunegruppe 6, noko som inneber at tilsette som bur og arbeider i kommunen kan få sletta inntil kr 25 000 av studielånet per år frå 1. januar 2025.
Det tilbys lønn etter tariffavtale, pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP, samt stipendordningar ved vidareutdanning. Kommunen er IA-bedrift.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 10. august 2026.
Annonsetekst
Institusjonstenesta ved Sandetun omsorgssenter har ledig stilling som helsefagarbeidar/sjukepleiar på natt med oppstart etter avtale. Vi søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar som ønsker å bidra til trygge og gode tenester.
Sandetun sjukeheim har to avdelingar med varierte og fagleg spanande oppgåver: - Tingstova – somatisk sjukeheimsavdeling med langtids- og korttidsplassar, kommunal akutt døgneining (KAD) og avlastningsopphald - Solsida – avdeling med langtidsplassar for personar med demensdiagnosar
Som helsefagarbeidar/sjukepleiar ved Sandetun får du arbeide tett på pasientar og pårørande, i eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på kvalitet, fagutvikling og gode pasientforløp. Vi har ledig fast stilling i 80 % stilling med arbeidstid organisert på natt, med arbeid kvar andre eller tredje helg. Vi har i tillegg eit vikariat på 100 % stilling på natt.
Arbeidsoppgåver
- Tilsyn, observasjon og medisinsk/pleiefaglig oppfølgning gjennom natta
- Sikre god dokumentasjon, og ivareta retningsliner og krav til god
- Rettleie og samarbeide med anna helsepersonell
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Autorisasjon som helsefagarbeida
- Kan jobbe sjølvstendig og i team og ta ansvar
- Gode digitale ferdigheiter, erfaring med elektronisk pasientjournal er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Tilsettinga krev at tilfredsstillande politiattest vert framlagt før tiltreding.
Personlege eigenskapar
- Inkluderande, handlekraftig og påliteleg
- Tek initiativ og har gjennomføringsevne
- Ansvarsbevisst, sjølvstendig og har evne til å ta avgjersler basert på fagleg kompetanse
- God til å samarbeide, kommunisere og bygge relasjon til brukarar og kollega
- Positiv og medverkar til eit godt arbeidsmiljø
- Oppteken av tverrfagleg samarbeid på tvers av sektorar, tenestenivå og forvaltningsnivå
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
- Lønn etter tariffavtale
- Gode forsikringar og pensjonsordningar gjennom KLP
- Stipendordningar ved videreutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
- IA-bedrift med fokus på trivsel, nærver og helse
Sande kommune er i kommunegruppe 6. Det vil sei at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1.januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Camilla Higraff, Einingsleiar (vikar), 47998618, Camilla.okland.higraff@sande.kommune.no
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sande kommune Referansenr.: 5150758488 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker 1 sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, heltid, fra 30. november 2026 til 15. januar 2027.
Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.