Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Sjukepleiar

Sengepost Kirurgi Snr, Helse Møre Og Romsdal HF · Molde, Møre Og Romsdal

VikariatHeltid2 stillingerOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Sengepost Kirurgi Snr, Helse Møre Og Romsdal HF.

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Møre og Romsdal HF søker 2 sjukepleiarar til Kirurgisk sengepost 1 ved det nye akuttsjukehuset på Hjelset i Molde. Stillingane er 100 % vikariat frå 01.09.2026 til 30.09.2027, med moglegheit for forlenging, og lågare stillingsprosent kan også vurderast. Arbeidet er primært retta mot ortopedi og urologi, i tillegg til ein elektiv femdøgnspost med breitt spekter av kirurgiske diagnosar. Oppgåver omfattar heilskapleg sjukepleie og oppfølging av kirurgiske pasientar, medikamenthandtering før og etter kirurgi, tverrfagleg samarbeid med lege, fysioterapeut og palliativt team, samt bidrag til kvalitets- og fagutvikling. Turnus inneber langvakter (inntil 12,5 timar) med arbeid kvar 4. helg, eller vanlege vaktlengder med arbeid kvar 3. helg. Norsk autorisasjon som sjukepleiar er påkravd før oppstart, og både erfarne og nyutdanna oppfordrast til å søkje.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er knytt til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset, ei underavdeling av Helse Møre og Romsdal HF som yter somatiske sjukehustenester. Verksemda er ein del av offentleg forvaltning og har totalt 1664 tilsette, noko som tyder på ein stor og veletablert arbeidsplass med solid fagmiljø.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 30.08.2026. Relevante attestar og vitnemål bør leggjast ved søknaden.

Om stillingen

Har du lyst til å vere ein del av eit sterkt fagmiljø i heilt nye omgjevnadar? No har du moglegheita! Vi søker etter sjukepleiar på Kirurgisk sengepost 1 ved det splitter nye akuttsykehuset på Hjelset. Sjukehuset på Hjelset er ein del av Helse Møre og Romsdal og opna dørene våren 2025. Med topp moderne fasilitetar og pasientforløp i fokus, er vi stolte av å kunne tilby behandling og pleie i eit av landet sitt mest moderne helsebygg. På Kirurgisk/ortopedisk seksjon vil du primært jobbe med ortopedi og urologi, men vi har også ein elektiv femdøgnspost kor du møter eit bredt spekter av kirurgiske diagnosar. Vi søker etter: 2 x 100 % vikarar frå 01.09.26 t.o.m. 30.09.27, med moglegheit for forlenging. Vi oppfordrar også sjukepleiar som ønskjer ein lavare stillingsprosent å søkje.

Vi søkjer engasjerte og fagleg trygge sjukepleiarar som ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og sikre god pasientbehandling. Hjå oss får du varierte arbeidsdagar med høg fagleg standard og gode moglegheiter for utvikling. Når det gjeld turnus har vi langvakter med inntil 12,5 timars arbeidsdag med arbeid kvar 4. helg, samt vanlege vaktlengder med arbeid kvar 3. helg, dette tilrettelegg vi saman med deg!

Dersom du ønsker å bli en del av ei stabil og triveleg arbeidsgruppe med sterkt fokus på samhandling og pasientsikkerheit, da håper vi du vil søkje hos oss!

Vi ber om at relevante attester og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.

Arbeidsoppgåver

  • Heilheitleg sjukepleie og oppfølging av kirurgiske pasientar
  • Medikamenthandtering og oppfølging før og etter kirurgi
  • Tverrfagleg samarbeid med leger, fysioterapeuter, palliativt team og andre faggrupper
  • Bidra til kvalitetsarbeid og faglig utvikling i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar før oppstart i stillinga
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, både muntleg og skriftleg
  • Det er ønskeleg med erfaring frå kirurgisk avdeling, men nyutdanna oppfordrast også til å søkje

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer deg som er:
  • Sterkt motivert og løysingsorientert, med evne til å ta ansvar og initiativ til å sørge for optimal pasientbehandling
  • Strukturert og serviceinnstilt med gode samarbeidsevne
  • Fleksibel og evne til å jobbe i team og sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Anders Nordvik Røstad, Konst. Seksjonsleiar, +47 97165121, Anders.Nordvik.Rostad@helse-mr.no Cathrine Valgermo Forren, Konst. Seksjonsleiar, +47 95907778, cathrine.emilie.valgermo.forren@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4 6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5161437946 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 30.08.2026

Flere stillinger hos Sengepost Kirurgi Snr, Helse Møre Og Romsdal HF

Lignende stillinger

Helsefagarbeider til oppdrag i Nordland
Konstali Helsenor As · NORDLAND

Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat i Nordland, heltid ut oktober 2026.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Helsesekretær til oppdrag i Buskerud
Konstali Helsenor As · BUSKERUD

Konstali Helsenor søker 2 helsesekretærer til vikariat på heltid i Buskerud.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Helsesekretær til oppdrag i Nordland
Konstali Helsenor As · NORDLAND

Konstali Helsenor søker 2 helsesekretærer til heltids vikariat i Nordland.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Audiograf til oppdrag i Finnmark
Konstali Helsenor As · FINNMARK

Konstali Helsenor søker 2 audiografer på heltid til vikariat i Finnmark.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Helsefagarbeider til oppdrag i Vestland
Konstali Helsenor As · VESTLAND

Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat på heltid for oppdrag i Vestland.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial