Vindafjord kommune Heimetenesta søker ein vikar i 80 % stilling til dagaktivitet for eldre, frå snarast til 31.08.27.
Avdelingsleiar
Vindafjord Kommune Heimetenesta · Vindafjord, Rogaland
AI-sammendrag
Om stillingen
Vindafjord kommune Heimetenesta søkjer ein avdelingsleiar i 100 % fast stilling på dagtid. Rolla inneber overordna fagleg, administrativt og personalmessig ansvar for kommunens dagaktivitetstilbod, som er fordelt på to lokasjonar: Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet. Tilbodet gjev eit strukturert kvardagstilbod til heimebuande eldre og personar med kognitiv svikt. Arbeidsoppgåvane omfattar personalansvar, ressursstyring, turnusplanlegging, koordinering av aktivitetar og køyreruter, samt tverrfagleg samarbeid med mellom anna heimetenesta og hukommelsesteamet. Søknadsfrist er 12. juli 2026.
Om arbeidsgivaren
Vindafjord kommune Heimeteneste Indre Sone er ei offentleg underenhet med 56 tilsette, registrert i bransjen for sykepleietjenester og andre helsetjenester i hjemmet. Som kommunal verksemd tilbyr dei offentleg tenestepensjon og vanlege forsikringsordningar. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
Søknad og frist
Søknadsfrist: 12. juli 2026.
Annonsetekst
Dagaktiviteten er eit viktig førebyggjande og helsefremjande tilbod som skal bidra til meistring, sosial deltaking og gode dagar for våre brukarar slik at dei kan bu lengst mogleg i eigen heim.
Tilbodet lokaliseres på to lokasjonar:
Ølen omsorgssenter:
- Dagtilbod for eldre heimebuande fire dagar per veke.
Vindafjordtunet, to grupper:
- Dagtilbod for personar med kognitiv svikt fire dagar per veke
- Dagtilbod for eldre heimebuande to dagar per veke.
Nå søkjer me ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar i 100% fast stilling. Som avdelingsleiar vil du ha det overordna faglege, administrative og personalmessige ansvaret for drift og utvikling av dagaktivitetstilbodet. Du vil og vera ein synleg leiar som er tett på både medarbeidarar, brukarar og pårørande.
Stillinga er på dagtid og inneber oppmøte ved begge sentra etter behov. Ein dag per veke er satt av til administrative oppgåver, med det må og reknast med administrative arbeidsoppgåvar på andre dagar.
Kva får du jobba med hos oss?
- Fagleg leiing og vidarutvikling av dagaktivitetstilbodet i tråd med brukarane sine behov.
- Personalansvar for tilsette ved dagaktiviteten.
- Ressursstyring, turnusplanlegging og fordeling av personalressursar mellom gruppene.
- Planlegging, koordinering og gjennomføring av aktivitetar.
- Samarbeid og dialog med brukarane og pårørande.
- Plangegging og koordinering av køyreruter i samarbeid med sjåførar og frivillige.
- Delta og bidra til tverrfagleg samarbeid med mellom anna heimetenesta, tenestekontoret, nettverk og hukommelsesteamet.
- Sikra fagutvikling og god drift av tenesta.
Me kan tilby:
- Ein jobb der du får høve til å vera med på og utvikla framtidas dagaktivitetstilbod for eldre og personar med kognitiv svikt.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lukkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Du må beherska godt norsk og kommunisere tydeleg og godt både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Førarkort klasse B
- God digital kompetanse
- Erfaring frå arbeid med eldre og/eller personar med kognitiv svikt er ønskjeleg
- Erfaring med leiing, koordinering eller fagutvikling er ein fordel
Personlege eigenskapar:
Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og ønskjer ein medarbeidar som:
- Er trygg, tydeleg og inkluderande i leiarrolla
- Har gode sammarbeidsevner og relasjonskompetanse
- Er strukturert og har god gjennomføringsevne
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Har evne til å motivere og engasjere brukararne og medarbeidarane
- Er engasjert i fagutvikling og ser mogeligheitar for vidare utvikling av dagaktivitetstilbodet
- Har interesse for aktivitet, meistring og livskvalitet for eldre.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Flere stillinger hos Vindafjord Kommune Heimetenesta
API og MCPGET /company/989107836/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/989107836/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 1,
"hits": [
{
"uuid": "b7eb1df5-0f72-4b08-aa12-f074925de9e0",
"title": "Spanande jobb med eldre på dagtid",
"municipal": "VINDAFJORD",
"application_due": "2026-11-29 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "989107836" })Spør AI-assistenten
Hvilke andre stillinger lyser Vindafjord Kommune Heimeteneste Indre Sone ut nå?
Hva er søknadsfristen for «Avdelingsleiar» hos Vindafjord Kommune Heimeteneste Indre Sone?
Ansetter Vindafjord Kommune Heimeteneste Indre Sone flere i Vindafjord nå?
Lignende stillinger
Nordlys Vikar søker 1 lege til vikariat på heltid ved et fastlegekontor nær Lofoten, oppstart uke 48.
Konstali Helsenor søker 1 helsefagarbeider med ALS-erfaring til nattvikariat på heltid i Vestland, fra 1. desember 2026.
Dignus Medical søker fastlegevikar på heltid til et legekontor på Vestlandet, 04.01.27–26.02.27, med reise og bolig inkludert.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til Anestesiafdeling 2, fast heltidsstilling i Aalborg.