Barne-og ungdomsarbeider, vikariat
Preg Barnehager Toftøy AS · Øygarden, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Preg Toftøy barnehage søker en barne- og ungdomsarbeider til vikariat i heltid, én stilling. Arbeidsstedet er i Øygarden. Rollen innebærer tett oppfølging av barna gjennom hele barnehagedagen: delta i lek, aktiviteter og turer, være en trygg og tilgjengelig voksen, støtte vennskap og sosial kompetanse, bidra til språk og læring, planlegge pedagogiske aktiviteter sammen med personalet, og samarbeide med foreldre og kollegaer. Barnehagen ønsker søkere med fagbrev som barne- og ungdomsarbeider og erfaring fra arbeid med barn, som kan identifisere seg med barnehagens kristne verdigrunnlag.
Om arbeidsgiveren
Preg Barnehager Toftøy AS er en underenhet innen førskoleundervisning og drift av barnehager, med 73 ansatte. Virksomheten driver i Øygarden kommune og er del av en barnehage med tydelig verdigrunnlag og fokus på trygghet, relasjoner og fellesskap.
Søknad og frist
Søknadsfrist er ikke oppgitt i annonsen.
Om stillingen
Har du eit varmt hjarte for barn, likar dagar med både latter, leik og litt tempo – og veit at eit ledig fang kan vere noko av det viktigaste du tilbyr? ❤️
Preg Toftøy barnehage søker ein engasjert og omsorgsfull barne- og ungdomsarbeidar til vikariat.
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som likar å vere saman med barn og som forstår kor viktig du som vaksen er i kvardagen deira. Du er varm, trygg og omsorgsfull, samtidig som du tek ansvar, ser kva som må gjerast og bidreg aktivt i fellesskapet.
Vi ønskjer deg som:
- er leiken, engasjert og til stades saman med barna
- ser det enkelte barnet og samtidig har blikk for heile barnegruppa
- er god på å bygge relasjonar og støtte vennskap mellom barn
- tek initiativ og likar ein aktiv og variert arbeidskvardag
- er fleksibel, løysingsorientert og samarbeider godt med andre
- bidreg med godt humør og positiv energi i arbeidsmiljøet
- er nysgjerrig på faget og ønskjer å lære og utvikle deg
- møter foreldre, barn og kollegaer med respekt og openheit
- kan arbeide sjølvstendig, men veit at vi får til mest når vi jobbar saman
- kan identifisere deg med barnehagen sitt kristne verdigrunnlag
Vi ser gjerne at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar og erfaring frå arbeid med barn.
For oss handlar det først og fremst om kven du er i møte med barna. Vi ser etter ein vaksen som barna kan bli trygge på, leike med, lære saman med -- og finne eit ledig fang hos når dei treng det.
Arbeidsoppgaver
Som barne- og ungdomsarbeidar hos oss vil du vere tett på barna gjennom heile barnehagedagen. Du skal bidra til tryggleik, leik, utvikling og gode relasjonar -- både for det enkelte barnet og i fellesskapet.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å:
- delta aktivt i leik, aktivitetar, turar og kvardagsrutinar
- vere ein trygg, varm og tilgjengeleg vaksen som ser og møter det enkelte barnet
- støtte barna i å utvikle vennskap, sosial kompetanse og tilhøyrsle i fellesskapet
- bidra til språk, undring, læring og utvikling gjennom leik og gode samtalar
- planlegge og gjennomføre pedagogiske aktivitetar i samarbeid med resten av personalet
- bidra til eit godt og tillitsfullt samarbeid med foreldre og føresette
- samarbeide tett med kollegaer og bidra positivt til arbeidsmiljøet
- delta aktivt i barnehagen sitt pedagogiske utviklings- og kvalitetsarbeid
- bidra til at barnehagen sitt verdigrunnlag og mål blir synlege i kvardagen
Hos oss er ingen dagar heilt like. Du må like å vere der barna er -- på golvet, i skogen, rundt boka, i garderoben og midt i leiken. Det viktigaste arbeidsverktøyet ditt er deg sjølv og måten du møter barna på.
Vi tilbyr
Hos oss får du ein arbeidsplass der vi ønskjer at både barn og vaksne skal trivast, utvikle seg og kjenne at dei høyrer til. Vi har høgt engasjement, mykje humor og eit personale som jobbar saman for å skape ein god barnehagekvardag.
Vi tilbyr:
- eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du får vere med og gjere ein forskjell for barn
- gode moglegheiter for fagleg utvikling og læring
- systematisk arbeid med kvalitet og utvikling i personalgruppa
- flotte turområde, skog og nærmiljø som blir aktivt brukt i kvardagen
- ein barnehage med tydeleg verdigrunnlag og fokus på tryggleik, relasjonar og fellesskap
- løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Og kanskje aller viktigast: Du får bli ein del av eit lag som ønskjer å skape ein verdifull barndom -- kvar einaste da
Lignende stillinger
Nes videregående skole i Akershus søker vikarlærer i realfag, 25 % deltidsstilling fra september 2026.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.
Svanevågen barnehage i Øygarden søker barnehagelærer til heltids vikariat ut skoleåret 2026/27.
Havhesten FUS barnehage i Øygarden søker barnehagelærer/pedagogisk leder i fast heltidsstilling.