Helsefagarbeider på avdeling Juvike
Øystre Slidre Kommune · Øystre Slidre, Innlandet
AI-sammendrag
Om stillingen
Øystre Slidre kommune søker helsefagarbeidarar til vikariat ved avdeling Juvike, ei demensavdeling under institusjonstenestene på Øystre Slidre helsetun i Øystre Slidre. Det er 2 ledige vikariat: eitt i 80% frå no, og eitt i 90% frå hausten 2026, begge med varigheit på ca. eitt år. Arbeidet er deltid og inneber helsehjelp og miljøarbeid til brukarar med demens, dokumentasjon, og samarbeid med sjukepleiarar, vernepleiarar og assistentar. Turnus er 2-delt med kvar 3. helg eller langvakter kvar 4. helg. Krav er fagbrev og autorisasjon som helsefagarbeidar, gode norskkunnskapar og politiattest.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til kommunalsjefeininga for helse og omsorg i Øystre Slidre kommune, ei offentleg forvaltningseining innan helse-, undervisnings- og sosialtenester, med 14 registrerte tilsette i denne underenheita. Som kommunal verksemd er drifta finansiert gjennom offentlege budsjett, og det ligg ikkje føre eigne omsetningstal for eininga.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 13.09.2026.
Om stillingen
Vil du vere med å utvikle eit sterkt fagmiljø i avdeling Juvike?
Avdeling Juvike er organisert under institusjonstenester på Øystre Slidre helsetun og er ei avdeling for personar med demens. Institusjonstenestene består av 2 langtidsavdelingar, institusjonskjøken samt natt. På avdelinga er det helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, vernepleier og assistentar, og vi samarbeider tett med andre avdelingar. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.
Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde.
Vi har eit vikariat som helsefagarbeider i 80% som er ledig frå no og eit vikariat i 90% som vil bli ledig frå haust 2026. Oppstart i stillingane kan avtalast nærare. Begge vikariata varer i ca 1 år.
Vi håper du vil søke og ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument
- Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og miljøarbeid
- Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
- Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg
Kvalifikasjonar
- Fagbrev og autorisasjon som helsefagarbeider
- Det er ønskjeleg med vidareutdanning innan demensomsorg eller med erfaring frå arbeid innan fagfeltet
- Gode norskkunnskapar
- Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4
Personlege eigenskapar
- Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert
- Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar
- Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsmestring, miljøarbeid og velferdsteknologi
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
- 2-delt turnus med kvar 3. helg eller langvakter kvar 4.helg
- Nødvendig opplæring og rettleiing
- Kompetanseheving
- Opplæring i fagsystem
- Tilrettelegging for vidareutdanning dersom rette søker melder seg i ansettelsesprosessen. Utdannning kan kombinerast med jobb
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP
Kontaktinformasjon
Anne Bråthen, Avdelingsleiar, +47 91993201
Arbeidsstad
Bygdinvegen 1989 2940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5171054922 Stillingsprosent: 80, 90% Vikar Søknadsfrist: 11.10.2026
Lignende stillinger
Viva Bemanning søker 4 autoriserte vernepleiere til vikariat på heltid i kommunale helse- og omsorgstjenester i Finnmark.
Dignus Medical søker 1 allmennlege til fastlegevikariat på heltid i Innlandet, med dekket reise og bolig.
Konstali Helsenor, vikarbyrå for helsepersonell, søker 2 sykepleiere til vikariat på heltid ved et helsehus i Østfold.