Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang →

Fast 100 % stilling som lærar

Austrheim Kommune · Austrheim, Vestland

FastHeltidOffentligUtdanning
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Austrheim Kommune.

AI-sammendrag

Om stillingen

Årås skule søker lærar til ei 100 % fast stilling på 1.–7. trinn, med oppstart 1. november 2026. Stillinga krev kompetanse i engelsk, norsk, matematikk og kunst og handverk, og kan òg innebere individuelt tilrettelagd opplæring for elevar med særskilte behov. Skulen ligg i Austrheim kommune og er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 270 elevar. Godkjend grunnskulelærarutdanning for 1.–7. eller 5.–10. trinn er påkravd, i tillegg til politiattest. Skulen driv systematisk arbeid med skulemiljø gjennom PALS og MOT, har eige PALS-team og miljørettleiar, og startar frå hausten 2026 eit utviklingsprosjekt med lesing som tema.

Om arbeidsgiveren

Årås skule er ein underenhet innan ordinær grunnskoleundervisning, med 49 tilsette, og høyrer til Austrheim kommune som forretningskommune.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 1. oktober 2026.

Om stillingen

Om stillinga

Årås skule har frå 1. november 2026 ledig ei 100 % stilling som lærar på 1.–7. trinn.

Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk lærar som ønskjer å vere med på å utvikle eit inkluderande og trygt læringsmiljø for elevane våre.

Årås skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 270 elevar og 48 tilsette. Skulen er organisert i avdelingar, med ei avdeling for kvart hovudsteg.

Vi har fokus på eit godt klassemiljø som føresetnad for eit godt og inkluderande læringsmiljø, og på tett oppfølging av elevane si læring og utvikling. Årås skule er ein PALS- og MOT-skule, der vi arbeider systematisk for å fremje eit trygt og inkluderande skulemiljø for alle elevar.

Gjennom desse programma rettar vi positiv merksemd mot kvar enkelt elev og legg til rette for å styrkje sosial kompetanse, ansvarskjensle og tilhøyrsle. Målet vårt er å gjere elevane robuste og medvitne i møte med vala dei møter i kvardagen – både med tanke på eiga utvikling og fellesskapet.

Vi har eit eige PALS-team ved skulen, og alle nytilsette får opplæring.

Frå hausten 2026 vert det sett i gang eit større utviklingsprosjekt med lesing som tema.

I tillegg har vi ein miljørettleiar ved Årås skule, som er ein viktig ressurs i arbeidet med elevmiljøet og det førebyggjande arbeidet.

Arbeidsoppgåver

Årås skule treng ein lærar med kompetanse i engelsk, norsk, matematikk, kunst og handverk og individuelt tilrettelagd opplæring på 1.–7. trinn.

Stillinga kan òg omfatte oppfølging av elevar med behov for individuelt tilrettelagd opplæring og/eller opplæring på ein alternativ opplæringsarena.

Kvalifikasjonskrav

Godkjend grunnskulelærarutdanning for 1.–7. trinn eller 5.–10. trinn.

Utdanning frå utlandet må vere godkjend av NOKUT.

Austrheim kommune har nynorsk som målform.

Godkjend politiattest i samsvar med opplæringslova må leggjast fram før tiltreding.

Kven ser vi etter?

Ein lærar som:

Er fagleg trygg og godt førebudd, og planlegg undervisninga grundig – både sjølvstendig og i samarbeid med kollegaer. Har solid innsikt i lærarrolla og god forståing for skulen som organisasjon, og for korleis eigen praksis påverkar heilskapen.

Er synleg og engasjert på skulen sine møteplassar, og deltek aktivt i det profesjonelle fellesskapet. Bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø og tek ansvar for å skapa ein inkluderande og støttande kultur.

Kommuniserer tydeleg og skapar gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer, og fungerer som ein trygg og tydeleg klasseleiar. Legg til rette for ein inkluderande og variert undervisningspraksis med høg grad av elevaktivitet, medverknad og tilpassa opplæring.

Er utviklingsorientert og samarbeidsvillig, og arbeider aktivt saman med kollegaer og skuleleiinga for å styrka læringsmiljøet og elevane sitt læringsutbyte.

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
  • Ein inkluderande og utviklingsorientert arbeidsplass med eit positivt læringsmiljø og fokus på fagleg samarbeid, fellesskap og deling av god praksis.
  • Engasjerte og dyktige kollegaer.
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning

Heim til Austrheim

Vi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg

Lignende stillinger

Assistent i barnehage
Læringsverkstedet Sæ barnehage AS
VikariatHeltid2 stillingerUtdanning
Frist 10.10.2026
Barnehagelærer
Læringsverkstedet Sæ barnehage AS
EngasjementHeltid2 stillingerUtdanning
Frist 10.10.2026
Fosterhjem og spesialiserte fosterhjem
Omsorgsgruppen AS · ØSTFOLD

Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.

EngasjementHeltid5 stillingerUtdanning