Vil du bli ein del av eit sterkt kompetansemiljø?
Ivest Consult · Kinn, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Ivest Consult søkjer ein eller fleire engasjerte medarbeidarar til faste, heiltidsstillingar ved hovudkontoret i Florø (Kinn kommune) – med fleksibilitet for arbeidsstad og -tilhøve. Selskapet er open for fleire fagprofiler: arkitektar, landskapsarkitektar, by- og arealplanleggjarar, rådgjevande ingeniørar innan infrastruktur, VA, VVS, elektro, byggeteknikk, konstruksjon, brannteknikk, bygningsfysikk, miljø og fornybar energi, samt erfarne prosjektleiarar og byggeleiarar. Søknadsfristen er 30. juni 2026.
Om arbeidsgiveren
Ivest Consult AS er eit fleirfagleg rådgjevingsselskap innan byggeteknisk konsulentverksemd, med hovudkontor i Florø og avdelingar i Stryn, Sogndal, Måløy og Førde. Med 35 tilsette er dette eit mellomstort fagmiljø i regionen, og stillingane er knytte til undereininga i Florø. Selskapet dekkjer eit breitt spekter av tenester – frå arkitektur og konstruksjon til energi, vasskraft og arealplanlegging – og deltek i prosjekt over heile Vestland. Tilbodet om medeigarskap skil selskapet ut som ein arbeidsplass med langsiktig satsing på eigne tilsette.
Søknad og frist
Søknadsfrist: 30. juni 2026.
Om stillingen
iVest Consult AS er eit fleirfagleg rådgjevingsmiljø som jobbar med utviklinga av morgondagens samfunn. Vi leverer tenester innan arkitektur, bygg, anlegg, konstruksjon, brann, bygningsfysikk, infrastruktur, arealplanlegging, VVS, elektro, miljø, energi og vasskraft - og deltek i mange spanande prosjekt i regionen.
Vi har hovudkontor i Florø, i nye moderne lokale, og avdelingar i Stryn, Sogndal, Måløy og Førde. No søkjer vi nye, engasjerte medarbeidarar som ønskjer å bli ein del av vårt fagmiljø.
Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og trivsel. Som ein del av iVest Consult vil du få høve til å delta i prosjekteringsgrupper på større prosjekt over heile regionen og bidra i utviklinga av berekraftige og framtidsretta løysingar. Vi har stort fokus på samarbeid på tvers av fagområda våre - det er slik vi skapar dei beste løysningane.
Kvifor velje iVest Consult?
Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø der samarbeid og tverrfagleg utvikling står i sentrum med eit godt arbeidsmiljø. Du vil få vere med på komplekse og varierte prosjekt, alt frå bustadutvikling og offentlege bygg til teknisk infrastruktur og berekraftige energiløysingar. Vi verdset nytenking, initiativ og fagleg utvikling, og gir deg høve til å påverke både prosjekta og di eiga karriere.
Vi ser etter:
- Arkitektar, landskapsarkitektar eller by- og arealplanleggjarar
- Rådgjevande ingeniørar innan eit eller fleire av følgande fagområde: Infrastruktur og VA • VVS, miljø, berekraft og fornybar energi • Elektro **•**Byggeteknikk, konstruksjon, brannteknikk og bygningsfysikk
- Erfaren oppdragsansvarleg, prosjekteringsleiar, byggeleiar og/eller prosjektleiar
- Deg som er nysgjerrig og open for faglege utfordringar og nye løysingar
- Deg som er god på samarbeid og har eit ønskje om å dele kunnskap
Vi tilbyr:
- Ein spanande arbeidskvardag med varierte og framtidsretta prosjekt
- Fleksible arbeidstilhøve og arbeidsstad
- Eit miljø med høg trivsel og sterke faglege nettverk
- Satsing på kompetanseutvikling og innovasjon
- Moglegheit for medeigarskap i eigen arbeidsplass
Vi er interessert i å kome i kontakt med deg som ønskjer å bli ein del av vårt fleirfaglege fellesskap.
Vil du bli med og forme framtida i eit sterkt fagmiljø saman med oss i iVest Consult? Då er dette jobben for deg!
Send søknad og CV til dagleg leiar Jan-Inge Hage: jih@ivestconsult.no.
Søknadsfrist 30.06.26
Lignende stillinger
Berget Entreprenør i Akershus søker 1 maskinfører/grunnarbeider på heltid, fast ansettelse.
CERN søker en fast Applied Physicist til å lede integrasjon og installasjon av ATLAS Muon-detektoren under LS3.
Anleggsgartner Arnesen i Innlandet søker en prosjektleder med anleggserfaring, fast og heltid.
Anleggsgartner Arnesen i Innlandet søker anleggsleder med fagbrev som anleggsgartner, fast heltid.
Mentor Partner AS i Kristiansand søker kundeansvarlig med sprengnings-/anleggsbakgrunn, fast heltid, for digitale løsningen Blastmanager.