Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang →

Barne- og ungdomsarbeidar

Høyanger Kommune Høyanger Skule/sfo · Høyanger, Vestland

FastHeltidOffentligUtdanningFrist om 1 dag

AI-sammendrag

Om stillingen

Høyanger skule søkjer barne- og ungdomsarbeidar i fast, 100 % stilling, med oppstart snarast. Stillinga er øyremerkt elevar med behov for ekstra ressursar, og arbeidsoppgåvene omfattar assistanse i og utanfor undervisning, ein-til-ein-oppfølging og gruppearbeid, samt organisering og gjennomføring av aktivitetar i SFO. Arbeidstida følgjer ikkje det ordinære skuleåret. Det blir kravd fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar (eventuelt helsefagarbeidar eller aktivitør), norskkunnskapar på minimum B1-nivå, og politiattest ved tilsetjing. Arbeidsstad er Høyanger.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er knytt til Høyanger skule SFO, ei underining til Høyanger kommune innanfor dagaktivitetstilbod for barn. Verksemda har 17 tilsette og er ein del av kommunen sitt tilbod innan utdanning og SFO.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 29.09.2026.

Om stillingen

Høyanger skule har ledig 100 % stilling frå snarast. Stillinga er øyremerkt elevar med behov for ekstra ressursar i skulekvardagen.

Arbeidstida følgjer ikkje skuleåret.

Arbeidsoppgåver:

• Assistere elevane i og utanfor undervisningssituasjonen

• Ein- til ein oppfølging og også arbeid i grupper

• Organisere, leie og gjennomføre aktivitetar med barn i SFO

• Bidra til positivt elevmiljø

Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere.

Kvalifikasjonar:

• Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Alternativt vil søkjarar med fagbrev som helsefagarbeidar eller aktivitør kunne bli vurdert

• Norskkunnskapar på minimum B1 nivå

• Ønskjeleg med erfaring frå arbeid med utfordrande åtferd blant barn

Personlege eigenskapar som blir tillagt stor vekt :

• Særleg evne til å skape gode relasjonar

• Positivitet

• Gode kommunikasjonsevner

• Fleksibilitet

• Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr:

• Eit triveleg personale, som legg vekt på sosiale møtepunkt

• Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ

• Lønn etter gjeldande tariffavtale

• Gode pensjons- og forsikringsordningar

• Hjelp til å skaffe kommunal bustad

Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett.

Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.

Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen.

Kvifor Høyanger?

• Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi

• Eit rikt lag- og organisasjonsliv

• Fokus på samskaping og samarbeid

• Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.

Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Høyanger skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Erik Veum på tlf. 97073335 og høyr erfaringane hans.

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 29.9.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Fosterhjem og spesialiserte fosterhjem
Omsorgsgruppen AS · ØSTFOLD

Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.

EngasjementHeltid5 stillingerUtdanning